Vassmålar

Når du har vassmålar, betalar du for vassmengda du brukar. Dersom du ønsker å installere ein målar, må du sjølv betale for installasjon og leige. 

Korleis kan eg få meg vassmålar? 

  • Du må ta kontakt med eit røyrleggarfirma og bestille montering
  • Røyrleggar tek kontakt med IVAR for å hente målaren
  • Røyrleggar må fylle ut skjema og sende det til kommunen

Korleis melder eg inn målarstanden?

  • Elektronisk på www.leseav.no
  • Via SMS
  • Via skjema på papir

Krav til plassering av vassmålar

  • Målaren skal installerast så tett til innvendig hovudstoppekran som muleg
  • Alt vassuttak på eigedommen skal målast
  • For å unngå vasskader, må målaren plasserast i rom med sluk i gulvet, og ikkje utsettast for frost eller sterk varme
  • Målaren skal være lett tilgjengeleg for avlesing og utskifting

Kven må ha vassmålar?

  • Alle abonnentar skal ha installert vassmålar innan 2020. Dette vart vedtatt av kommunestyret i sak 075/16.

 

 

Dersom du ikkje har vassmålar, betalar du for vatn ut i frå storleiken på bustaden din.

Lokal forskrift for vass- og avlaupsgebyr. 

 

Lene Beadle
VA-sjef IVAR IKS
E-post
Telefon 475 09 581