Påslepp av olje- og feitthaldig avlaupsvatn

Påslepp av olje- og feitthaldig avlaupsvatn

Søknadsplikt

Påslepp av olje- eller feitthaldig avlaupsvatn og installering av olje- eller fettutskiljar, til kommunalt nett, er eit søknadspliktig tiltak som skal godkjennast av kommunen. Dette gjeld ny og eksisterande verksemd, samt ved endring av bruk på eksisterande bygningar. Det er eigar av verksemda som må søke om løyve.

Kven kan få løyve?

Påsleppsløyve gis til eigar av verksemda. Det er eigar som står ansvarleg ovanfor kommunen for at vilkåra i løyvet vert overheldt.

Meir informasjon: 

Drift og vedlikehald

Eigar av anlegget skal ha nødvendig drift- og vedlikehaldsrutinar for å sikre at utskiljaren fungerer optimalt ut frå aktiviteten ved verksemda. 

Den ansvarlege skal til ei kvar tid ha ein avtale med eit godkjent firma for regelmessig tømming og kontroll av utskiljaren. Den ansvarlege skal med jamne mellomrom gjennomføre eigenvurdering med tanke på å redusere forureining i avløpsvatnet frå verksemda.

Krav til dokumentasjon og rapportering

Husk av me i kommunen skal ha kopi av avtalen som du har med tømeoperatøren. Tømeoperatøren har ansvar for å sende inn rapport om tømming og inspeksjon for olje- og fettutskiljar til oss.

Du som eigar av anlegget er ansvarleg for å innhente dokumentasjon på drift og vedlikehald av anlegget. Dette skal kunne framleggast til kommunen ved førespurnad. 

Eigar er ansvarleg for at følgjande dokumentasjon, som gjeld året før, er sendt til kommunen innan 1. februar:

  • Dokumentasjon om kor dei utskilte massane blei levert 
  • Analyserapporter av vassprøvar
  • Årsrapport med egen vurdering av påsleppet, eventuelt med forslag til reduksjon av påsleppet