Brønn

Søknadspliktig eller ikkje?

Brønn kan være både søknadspliktig og unntatt frå dette. Brønnen må være i tråd med gjeldande reguleringsplanar og kommuneplanar som kan ha krav som omfattar brønn.

For informasjon om regelverket, ta kontakt med kommunen på tlf: 51 75 00 00. Me anbefaler at du alltid tar kontakt med kommunen på førehand.

Du har sjølv eit ansvar for å sikre brønnen, for å unngå skade og drukning.

 

Tryggleik

Brønn og liknande skal til ei kvar tid være sikra slik at barn vert hindra frå å falle i han. Brønn eller dam som antas å medføre særleg fare for barn kan kommunen pålegge gjenfylt, eller sikra på annan måte, innan fastsett frist. Gjenfylling kan ikkje skje dersom brønn eller dam er påkrevd av omsyn til vassforsyninga. Dammar som fall inn under vassressurslova skal sikrast etter reglande i vassressurslova.

Eigar er ansvarleg for at anlegg er sikra som nevnt over. Er grunnen bortleigt meir enn to år, kviler ansvaret på leigaren (festaren).

Anne Marie Bergman
Byggesaksbehandlar
E-post
Telefon 404 39 124