OmsorgsstønadLytt til tekstenStopp avspillingOmsorgsløn er heimla i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-6. Søkar må ha fysiske, psykiske eller sosiale grunnar som forårsaker bistandsbehov frå privatpersonar: Legeopplysningar Søkar må være busett i Hjelmeland kommune Andre tenester skal være utprøvd eller vurdert før vedtak om omsorgsløn vert fatta Vilkår for tildeling Ha behov for døgnkontinuerleg tilsyn, pleie og omsorg, så omfattande at kommunen si omsorgsteneste vert utilstrekkeleg. Det må være ein kompetent privatperson om yter omsorgstenesta. Denne personen må være ynskt av søkjar. Arbeidet må vurderast som særleg tyngande ut over det ein kan forvente av ein omsorgsperson. Det skal være utprøvd, eller vurdert, andre kommunale tenester som t.d. heimehjelp, heimesjukepleie, dagsenter og avlastning. Begrensingar Kommunen sitt totale tilbod skal leggast til grunn før vedtak blir fatta. Lova pålegg kommunen å ha tilbod om omsorgsløn til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Ingen har rettsleg krav på omsorgsløn. Då dette ikkje er ei pliktyting vil omfanget utover nødvendig helsehjelp bli vurdert opp mot budsjetterte rammer. Føresetnadene og alle vilkår skal alltid være oppfylt før vedtak om omsorgsløn vert fatta. Meir informasjon Meir informasjon finn du på www.helsenorge.no Publisert 07.05.2018 10.18 Sist endra 30.03.2023 03.01