Opphaldstyper ved omsorgssenter
Korttidsopphald
Eit korttidsopphald er tidsbegrensa, og kan vare frå éin dag til fleire veker. Tilbodet kan være rullerande, det vil seia at du i enkelte periodar oppheld deg på korttidsavdelinga, men bur heime.
- Ordinært korttidsopphald
- Målet med opphaldet er å gje betre moglegheit til å fortsetje å bu heime, ved å vedlikehalde og oppretthalde funksjonar som har betydning i kvardagen.
- Rehabilitering
- Målet med opphaldet er å få betre livssituasjon og eigenmestring for å gje deg moglegheita til å fortsatt bu heime.
- Avlastning for pårørande
- Avlastning der pårørande har store omsorgsoppgåver for personar dei bur saman med. Målet er å hindre overbelastning for den pårørande, slik at det fortsatt er mogleg for den eldre å bu heime. Opphaldet kan variere i lengde og etter individuelt behov.
Du kan få denne type opphald ved eit omsorgsenter når andre, alternative tenester er vurdert/prøvd ut.
Hos oss er det Hjelmeland omssorgssenter som har rehabiliterande, behandlande/utredande, avlastande, rullerande og lindrande korttidsopphold.
Langtidsopphald
Eit langtidsopphald er permanent, med oppfølging og tilsyn heile døgnet.
Langtidsbebuerar får ivaretatt sitt behov for pleie og omsorg, medisinsk oppfølging og behandling, samt individuelt tilpassa aktivitetar.
Personar som er varig ute av stand til å ta vare på seg sjølv og ikkje lenger kan meistra daglege gjeremål på grunn av mentalt eller fysisk funksjonstap.
Årdal omsorgssenter har somatiskavdeling og demensavdeling.
Søk om plass
Søk om plass ved omsorgssenter
Publisert 04.05.2018 10.28
Sist endra 19.02.2026 10.36