Krisehjelp

Hjelmeland kommune tilbyr, i samarbeid med Krisesenteret i Stavanger, hjelp til alle innbyggjarar som lever med vold i nære relasjonar. Tilbodet består av eit butilbod i Stavanger om det er nødvendig, men også eit samtaletilbod som kan nyttast utan å måtta bu på senteret.

Stavanger krisesenter er eit  kommunalt tilbud for kvinner, menn og barn. Kvinner og menn skal etter loven ha fysisk adskilte butilbod.

Publisert av Siri Janne Kyrkjeeide. Sist endra 09.11.2015

Krisesenteret i Stavanger har saman med Strand kommune oppretta eit samtaletilbod i Ryfylke. Tilbodet er for deg som lever med vold i nære relasjonar, eller du som har opplevd vold og slit med etterverknader av denne. Du kan òg ta kontakt dersom du er bekymra på vegne av andre, eller treng råd og veiledning. Tilbodet er gratis og krev ikkje henvisning.
 

Ein tilset frå krisesenteret er tilgjengeleg på eit kontor på NAV Strand annankvar onsdag frå klokka 10 til 15. Dersom du ynskjer å bestilla time, ring 480 90 106, eller møt opp i opningstida. Ved spørsmål om tilbodet, ta kontakt med Krisesenteret i Stavanger.
 

Krisesenteret i Stavanger er døgnope og ein kan nå dei på tlf 51 53 06 23.

Krisesenteret for menn har eige telefonnr - tlf 5153 2227.

Hjelmeland kommune har og eit korttidstilbod i omsorgsbustad på Hjelmeland for personar som treng lågare grad av hjelp og omsorg for ei kortare tid: Tilbudet er  lagt til avdeling for Psykisk Helse, ring  51 75 70 00, be om avdeling Psykisk helse.

 

 

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Se også