Psykisk Helse

Avdeling Psykisk Helse har eit helsetilbod til dei som har psykisk liding, og/eller rusproblem, og som treng støtte og hjelp til å fungere best mogleg i heimemiljøet.

Avdelinga har sine kontor i Helsehuset, Hjelmelandsvågen.
Besøksadresse: Prestagarden 13.

Postadresse: Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.

Viglesdalsbrua - Klikk for stort bilete

Avdeling Psykisk helse er organisert under Helseseksjonen, leiar: John Nessa.

Avdelinga har 4,54 stilling knytta direkte opp til avdelinga, fordelt på 4 sjukepleiarar med spesialudanning i psykisk helsearbeid, 1 hjelpepleiar med speisalutdanning i pyskisk helsearbeid, 1 sjukepleiar, 1 hjelpleiar og 1 omsorgsarbeidar - alle med lang erfaring.


Slik når du oss:
Avdeling Psykisk Helse har kontor i 2. etasje i Helse- og sosialsenteret på Hjelmeland. Vi har kontortid frå kl. 08.00 - 15.30 alle kvardagar. Du treng ingen henvisning, men kan ta kontakt direkte.
Leiar avd. Psykisk Helse: Marta Ommundsen, tlf 404 39 076.

Kven kan nytte seg av tilbodet:
- menneske med psykisk liding som treng hjelp og støtte til å fungere best mogleg i heimemiljøet.
- mennesker som slit med samansett problemstilling rus/psykiatri.
- mennesker i livskrise som har behov for hjelp utover den støtte nærmiljøet kan gi.
Tilbodet gjeld for alle aldersgrupper.

Kva innhald har tilbodet:
- støttesamtalar
- sosial trening
- nettverksarbeid
- strukturering av kvardagen
- administrering av medisiner
- koordinering av individuell plan/ ansvarsgrupper
- øyeblikkelig hjelp ved kriser
Gruppetilbod:
- dagtilbod for eldre 1 g/v
- dagtilbod for yngre 1 g/v
- treningskontakt
- bading 1 g/mnd
- gruppetilbod for vaksne og barn

Sist endra 15.01.2015
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Se også