Flaggreglement Hjelmeland kommune

Hjelmeland kommune sitt flaggreglement vart sist vedteke av Kommunestyret den 03.10.2007 i sak 065/07 

Publisert av Anne Marie Bergman. Sist endra 29.07.2015

 

Flaggreglement for Hjelmeland kommune:

  1. Dette reglement gjeld for flagging på flaggstenger i tilknyting til einingar og institusjonar som vert drivne av Hjelmeland kommune.
  1. Det skal flaggast med Norsk Handelsflagg på einingane ved:
    1. Offisielle flaggdagar,
    2. Kommune- og fylkestingsval
    3. Gravferd til kommunalt tilsette på eininga.
    4. Det blir flagga på skulen i kvar bygd i samband med konfirmasjon.
  1. Det kan flaggast med Norsk Handelsflagg på einingane:
    1. Når einingsleiar finn dette naudsynt etter vanleg skikk og bruk.
  1. Det skal flaggast med Norsk Handelsflagg på kommunehuset ved:
    1. Offisielle flaggdagar,
    2. Kommune- og fylkestingsval
    3. Gravferd til kommunalt tilsette,
  1. Det kan flaggast med Norsk Handelsflagg på kommunehuset:
    1. Når Rådmannen, eller den han deleger, finn det naudsynt etter vanleg skikk og bruk.
  1. Det skal flaggast med kommuneflagget på kommunehuset:
    1. Når kommunestyret har møte,
    2. På kommunale merkedagar.
  1. Det kan flaggast med kommuneflagget på kommunehuset:
    1. Etter vedtak frå Rådmannen, eller den han deleger.
  1. Det skal flaggast med kommunevimpel på kommunehuset og einingane:
    1. Når ein ikkje nyttar anna flagg.
  1. I månadene mars – oktober skal flagg heisast klokken 08.00, i månadene november – februar klokken 09.00. Flagg skal firast ved solnedgang, likevel ikkje seinare enn klokken 21.00
  1. Einingsleiar ved den enkelte institusjon er administrativt ansvarleg for at flagging vert utført.
  1. Den som vert engasjert for å utføre flagginga har krav på godtgjering etter gjeldane lov- og avtaleverk.


 

Vedlegg til flaggreglement for Hjelmeland kommune:

De offisielle flaggdagar finner ein i forskrift nummer 9733 av 21. oktober 1927. Per dags dato er disse:

1. januar          1. nyttårsdag

21. januar        H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandras fødselsdag

6. februar        Samefolkets dag

21. februar      H.M. Kong Harald Vs fødselsdag

1. mai             Offentlig høgtidsdag

8. mai             Frigjøringsdagen 1945

17. mai            Grunnlovsdagen

7. juni             Unionsoppløysninga 1905

4. juli                H.M. Dronning Sonjas fødselsdag

20. juli             H.K.H. Kronprins Haakon Magnus' fødselsdag

29. juli             Olsokdagen

19. august       H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marits fødselsdag

25. desember 1. juledag

Glidane           1. påskedag

Glidane           1. pinsedag

Glidane           Dagen for stortingsval

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500