Arealforvaltninga i Hjelmeland

Arealbruken i Hjelmeland blir i prinsippet styrt av to ulike plantypar :
1) Kommuneplanens Arealdel dvs kap. 5 i kommuneplanen,  og
2) mange detaljreguleringsplanar

Dersom du har planar om utbygging eller frådeling i eit område, er bør ein sjekke planstatusen for det aktuelle området i desse planane:

1 KOMMUNEPLANEN KAPITTEL 5 AREALDEL
Kommuneplanen er ein grov oversiktsplan for alt areal i Hjelmeland, og gir føringar for både utbygging og vern, både på land og i sjø. Kommuneplanen gir t.d. opplysningar om kva område som er avsett til utbygging av bustader, fritidsbustader, industri, forretning osv.

Kommuneplanens arealdel blir revidert ca kvart 4 år. Gjeldande plan er vedtatt i juni 2011 + sept 2011.

Gjeldande plankart finn ein:

1) Via SmartKommune sin kartportal
3) I pdf-filene til plankarta i høgremenyen

Gjennom kommuneplanen får ein oversikt over kva slags område som er regulerte: desse områda er markert med eigen skravur i kommuneplankartet

Tekstdel til plankartet
I tilknyting til sjølve plankartet er det ein tilhøyrande tekstdel, Kapittel 5 i kommuneplanheftet.  Teksten gir bindande føresegner og retningslinjer for arealbruken. Tekstdelen er vel så viktig som sjølve kartet, ligg som pdf-fil i høgremenyen  Kommuneplanen Kap 5 - Arealdelen.  Heilt bak i kap 5 er det tabellmessig oversikt over alle reguleringsplanar.

I dei områda som i kommuneplanen er avsett til framtidige byggeområde er det krav om utarbeiding av reguleringsplan før ein kan byggja.

 

2  DETALJREGULERINGSPLANAR

Det er vedtatt ca 150 detaljerte reguleringsplanar for avgrensa områder spreidd omkring i kommunen, t.d. hyttefelt, bustadfelt, industriområde, masseuttak mm.

Reguleringsplanane gir konkrete og detaljerte føringar for kva type tiltak som er tillete i dei områda planane gjeld. Dei aller  fleste reguleringsplanar inkl føresegner er å finne på SmartKommune sin kartportal.

 

Info om planstatus

Dersom de treng utsnitt av eldre reguleringsplanar, ta kontakt med Kundesenteret 51 75 70 00 postmottak@hjelmeland.kommune.no   eller med rådgjevar for arealplan, så får du dei tilsendt på e-post.

Arealplanleggaren vår gir informasjon om planstatus og planinnhald i dei ulike deler av kommunen, og for den enkelte reguleringsplan.

Byggesakbehandlaren gir informasjon om kva byggetiltak som er tillete innanfor dei enkelte områda, og kva som trengs av søknader for det enkelte tiltak.
 

UTARBEIDING AV REGULERINGSPLANAR
Det er Plan- og bygningslova  som gir lovreglar for utarbeiding av reguleringsplan; juridisk, prosessmessig og planteknisk. 

Reguleringsplanar skal utarbeidast av fagkyndige og leverast digitalt.


Hjelmeland kommune er ein av 16 kommunar som er med i SmartKommune-prosjektet, der det er gitt felles føringar for framstilling av planar:

Krav til planinnlevering - Smartkommune

Kartgrunnlag og eigarlister

Mal Planskildring - Smartkommune

Mal Føresegner - Smartkommune

Felles sjekkliste - ROS-analyse (PDF, 474 kB)


DIGITAL PLANDIALOG
Dei 16 Smart-kommunane har utvikla ei løysing som gjer at ein kan følgje heile reguleringsplanprosessen frå oppstart  til vedtak gjennom eByggWeb - Smartportalen. Dette er ei løysing som er under utvikling.
 


ROS-ANALYSER
ROS= risiko- og sårbarhetsanalyse.
For alle framtidige reguleringsplanar er det krav om eigen ROS-analyse.
Smart kommunane har vedtatt felles sjekkliste for ROS-analyser (PDF, 474 kB)
 

ENDRING AV REGULERINGSPLANAR
Sjå infoskriv i høgremeny for framgangsmåte for mindre planendringar, td endring av hyttestorleik.
Alle endringar skal varslast til berørte partar og ev overordna myndigheiter. Sjå døme på varslingsbrev ute i høgremeny. Ta kontakt med vår arealplanleggjar for spørsmål kring planendring . 

AKTUELLE LENKER

Plankartsiden Regjeringen

Lovkommentar til plandelen - Plan og bygningslova

Plan og Bygningslova


Betalingssatsar plan og dispensasjon 2016:

plangebyr2016 - Klikk for stort bilete

 

 


Kontaktinfo:
Rådgjevar Arealplan Svanhild Hjorteland Gbada
Epost: shg@hjelmeland.kommune.no
Tlf 404 39 127

Kundesenter: 51 75 70 00 og postmottak@hjelmeland.kommune.no

Sist endra 19.09.2016
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Se også