Vaksenopplæringa i Hjelmeland

Vaksenopplæringa i Hjelmeland held til i Vågahuset.
Opplæringa er organisert under kommunalsjef oppvekst, Sigrund Kleppa.

Vaksenopplæringa kan tilby:
Undervisning i norsk med samfunnskunnskap for flyktningar og innvandrarar.
Undervisninga føregår på dagtid mellom kl 09.00 og 14.30.
Undervisninga er i hovudsak delt i to grupper, ei for nybyrjarar og ei for vidarekomne.
Norskopplæring for arbeidsinnvandrarar tysdag kl 18.00-21.00 i Vågahuset.

Vaksenopplæringa har eit nært samarbeid med Ryfylke Læringssenter på Jørpeland i Strand kommune.

Hjelmeland kommune kjøper følgjande tenester ved Ryfylke Læringssenter:
- Grunnskuleundervisning for vaksne etter opplæringslova § 4A-1
- Undervisning av vaksne med særlege behov etter sakkunnig vurdering (opplæringslova § 4A-2)
- Kurs for flyktningar som etter introprogram er utan jobbtilbod (dette i samarbeid med NAV)
- Gjennomføring av prøvar i norsk
- Obligatoriske kurs i samfunnskunnskap

Dersom du har spørsmål knytta til desse tenestene, kan du kontakt Oppvekstkontoret eller direkte med Vaksenopplæringa.

 

 Liste av : Vaksenopplæringa i Hjelmeland
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500