Kodejakta 2026

Tre rykande ferske turar i kodejakta ligg no klar til deg! 

Søre Børøy

Kodejakta har for første gong ein tur på Børøy. 

Du finn Børøy ved å følgja skilta etter å ha køyrt over brua til Randøy. Parkering ved snuplassen på Børøy.

Turen er om lag tre kilometer lang og lett å gå. Han passar for heile familien. Det er merke der turen går på sti i terrenget, men ikkje merke der turen går på veg eller på oppgrust sti gjennom hyttefeltet.

Turen startar i enden av det øvste feltet på privat parkeringsplass. Han følgjer grusstien opp dei første trappene før han svingar ut på skogssti.

Turen følgjer svaberga rundt sørenden av Børøy og sundet til Børøyholmane, og det er fin utsikt innover fjorden mot Fisterneset.

Sjå digitalt kart av turen på søre Børøy.

Høgehei

Denne turen er rundt 8 kilometer lang, og du må rekna ein del timar på runden. Du møter nokre bratte, urete og litt blaute parti på turen, men oppå Høgehei er det lett å gå.

Me anbefaler å gå opp på heia frå austsida og følgja ryggen vestover. Opp- og nedstigingane er enklare om du går den vegen. Frå Høgehei til Salen har du også fantastisk utsikt mot Årdal. Går du andre vegen, har du utsynet i ryggen.
På denne rundturen passerer du også steinformasjonen Jodekongen, som har vore eit turmål i Kodejakta tidlegare. Koden finn du ved varden på toppen av Høgehei.

Det er privat veg og parkering ved starten av rundløypa ved Livastølmyrane i Lyngsheia, men det er også stor parkeringsplass langs Songesandvegen. Bruk gjerne den store parkeringsplassen, og hugs uansett at hytteeigarar i området treng plass ved den private parkeringa.

Sjå digitalt kart over turen til Høgehei.

Hidlekleiv

Dette er ein fin rundtur der du kan velja om du vil starta ved Stemmen ved Hetlandsvatnet eller ved Fister skule. Du passerer både ein gapahuk og ein turpost langs denne løypa.

Undervegs er det utsikt mot Hetlandsbygda og ned mot Vassryggen. Det meste av turen går på skogssti. Mellom Fister skule og gapahuken er løypa teikna inn på grusveg. Det er ikkje merke langs grusvegen.

Turen er vel 3 kilometer lang. Det er nokre bratte parti, men turen passar likevel for dei aller fleste.

Sjå digitalt kart over rundturen til Hidlekleiv.

Brosjyre

Resten av kodane vil du få tilgang til i brosjyren som blir sendt ut til alle postkassar i slutten av mai. Enn så lenge, god kodejakt etter desse tre.