FrivilligfondetLytt til tekstenStopp avspillingFøremålet med Frivilligfondet er å stimulera til allsidig kultur- og fritidstilbod for innbyggarar i heile kommunen. Tiltak og aktivitetar for barn og unge er særleg prioritert. Rådmannen administrerer ordninga, og er ansvarleg for å følgja opp søknader og tildeling. Sist endra12.03.2019 12.28 Retningslinjer for Frivilligfondet Kva krav er det for å få støtte? Søkar må vera registrert i frivilligregisteret eller Brønnøysundregisteret Søkargruppa arbeidar etter demokratiske prinsipp, og skal vera open og inkluderande Tiltaket skal ha eit almennyttig føremål Søkargruppa og tiltaket skal ha lokal tilknyting, anten til éi bygd, eller til heile kommunen Søkargruppa skal gjennomføra tiltaket basert på frivillig innsats Kva går tildelingane til? Tildelingane går til: Tiltak Prosjekt Aktivitetar Søkargruppa er ansvarleg for gjennomføringa. Det blir berre tildelt støtte til investeringar dersom søkargruppa blir opplevd som særskilt stabil, til dømes grupper som er godt etablerte og formelt organiserte med eit formalisert styre. Døme på tiltak som kan få støtte: tiltak/aktivitetar som skjer i eit avgrensa tidsrom materiell/utstyr/opplæring som er nødvendig for nye tiltak opprustning/oppgradering av eksisterande anlegg og utstyr investering i nye anlegg og utstyr Når er søknadsfristen? 85% av potten blir fordelt etter 4 søknadsrundar, med søknadsfristar: 1. mars 1. juni 1. september 1. desember Inntil 15% av potten skal øyremerkast tildelingar til nye tiltak gjennom året. Unytta midlar kan leggast til i tildelinga med søknadsfrist 1. desember. Krav til søknad Søknad må skildra mål med tiltaket, medverkande og samarbeidspartnarar, målgruppe (storleik, aldersgruppe og geografisk fordeling) og handlingsplan Til søknaden skal det leggjast ved budsjett med finansieringsplan for tiltaket Eventuelt teikningar/illustrasjonar som er nødvendige for å få innsikt i prosjektet Korleis søke? Søknadsskjema. Kor mykje kan ein få tildelt? maksimalt kroner 35.000 i kalenderåret, fordelt på éit eller fleire tiltak eitt og same tiltak kan ikkje få støtte meir enn éin gong. det blir ikkje tildelt midlar til ordinær drift eller tiltak som er av rein kommersiell karakter Krav om rapport tildelte midlar skal berre nyttast til tiltaket det er søkt om innan 12 månadar etter tildelinga er gjort skal søkargruppa levera rapport om kva midlane er brukt til og kva resultat ein oppnådde med tilskotet. eventuelle unytta midlar skal betalast tilbake til Frivilligfondet Om avsetting til fondet Ordinær avsetting til Frivilligfondet blir vedtatt av kommunestyret i budsjett for komande driftsår. Eventuelle unytta midlar blir uavkorta vidareført til komande driftsår.