Kulturmidlar

Frivillige lag og organisasjonar som driv si verksemd i Hjelmeland kommune, kan søkje om ulike tilskot i tråd med retningslinjene vedtatt i kommunestyresak 013/16. Aktivitetar for barn og unge vert prioritert. 

Retningslinjer for tilskot til kulturarbeid

Kven kan søkje om tilskot?

Frivillige lag og organisasjonar som driv verksemd i Hjelmeland kommune, kan søkje om følgjande tilskot:

  1. Oppstartstilskot
  2. Driftstilskot
  3. Tilskot til kurs
  4. Tilskot til alkoholfrie ungdomsarrangement
  5. Andre tilskot
Føresegner som vert lagt til grunn for tildeling av kulturmidlar
  • Aktivitetar for barn og unge vert prioritert
  • Lag som berre har vaksne medlemmar fell utanfor denne tilskotsordninga
  • Det vert ikkje gitt støtte til kommersielle tiltak
  • Ved tildeling av støtte tek ein omsyn til alder på deltakarane og aktivitetsnivå
  • Lag og foreiningar som samlar inn midlar til velgjerande føremål utan å skape allmenn kulturell aktivitet, fell utanom støtteordninga
  • Kulturmidlane vert fordelt med 50% til idrettslaga og 50% til andre med rett til slik støtte. Fordeling mellom idrettslaga vert gjort i samråd med Hjelmeland idrettsråd
  • Søknad om tilskot vert behandla administrativt av kulturleiar, i samsvar med vedtekne retningslinjer
  • Alle søknadar vert vurdert i samsvar med budsjettet for det inneverande året.
  • Søkjar har klagerett på administrative vedtak. Frist for slik klage er tre veker etter at melding er motteke.
1. Oppstartstilskot

Det kan ytast eit eingongstilskot ved start av nye lag på inntil kr 2 000,-. Ved tildeling vil ein ta omsyn til alder på medlemmane i laget.

2. Driftstilskot

Driftstilskot vert gitt til ordinært lagarbeid. Tilskotet blir vurdert ut frå alder på deltakarane, aktivitetsvolum inkl. oppmøtetal, årsmelding og rekneskap.

Søknadsfrist er 1. mars.

3. Tilskot til kurs

Det kan søkjast støtte for deltaking på kurs. Slik søknad kan sendast gjennom heile året. Søknaden kan sendast etter at kurset er avslutta og skal innehalde desse opplysningane:

  • Lengde på kurset
  • Kursarrangør
  • Program
  • Legitimerte utgifter for reise, opphald og andre kursutgifter
  • Namn på deltakarar frå laget

Tilskot kan ytast med inntil 50% av samla utgifter til reis, kurs og opphaldsutgifter.

Samla støtte til laget kan ikkje overstige kr 2 000,- i året.

4. Tilskot til alkoholfrie ungdomsarrangement

Arrangør av alkoholfrie ungdomsarrangement kan søke om kommunal støtte. Arrangementet skal vera ope for alle og gje høve til fritt og uforpliktande samvær.

Storleiken på ei eventuell støtte vert vurdert for kvar enkelt søknad og i samsvar med budsjett for inneverande år.

5. Andre tilskot

Det er høve til å søke om tilskot til andre kulturtiltak som ikkje er omtala ovanfor.

Døme på slik søknad kan vera:

  • Støtte til kulturarrangement, ev. underskotsgaranti
  • Andre tiltak av kulturell interesse

Søknadar som fell inn under dette punktet vert vurdert i kvart enkelt tilfelle i samsvar med budsjett for inneverande år.

Søknadsskjema

 

Lenkje til Søknad om kulturmidlar

Eldfinn Asbjørn Austigard
Kulturleiar
E-post
Telefon 404 39 153