Invitasjon til prosjektkonkurranse - Leiligheiter Hjelmeland sentrum

Hjelmeland kommune ønskjer å bidra til auka utbygging av sentrumsnære bustader/leilegheiter og inviterer til prosjektkonkurranse om «Hjelmeland sentrum LH1 – 3 punkthus 8 leilegheiter».   

Om prosjektkonkurransen

Konkurransen skal leggja til rette for auka tilgjengelegheit av leilegheiter i kommunen gjennom eit vederlagsfritt sal av tomta frå Hjelmeland kommune til vinnar av konkurransen. Vinnaren skal oppføra 3 punkthus 8 leilegheiter i tråd med skisseprosjekt og er forplikta til å selja leilegheitene til ei bestemd målgruppe. Kommunen er oppdragsgivar for konkurransen. 

Frist for påmelding er 10. oktober 2024

For informasjon om påmelding og detaljar i prosjektet - sjå vedlagte dokument:

Kontaktkort

Leif Roar Larsen
E-post
Telefon 40 43 90 23