Bondeposten 2/2019

2 Driftsenter

Denne søknadsomgangen får du spørsmål om å bekrefte om driftssenteret ditt er rett. Kva er driftssenteret?
Viss du har husdyrproduksjon i fleire driftsbygningar, er driftssenteret den bygningen som står for den største omsetninga i løpet av året.
Det er den bygningen dyra er i størstedelen av året, som er driftssenteret. Sjølv om du har dyra på setra om sommaren, er ikkje setra driftssenteret ditt.
Du må kontrollera at forvaltninga har registrert driftssenteret ditt på rett bygg. Er det feil, skal du oppgi det rette driftssenteret inne i søknaden om produksjonstilskot.