Bondeposten 2/2019

1 Produksjonstilskot

Søknadsfrist for produksjonstilskot er 15. oktober. Dei ordningane som du ikkje kan gjere etterregistreringar i, kan du korrigere innan 29. oktober dersom du har søkt innan fristen.
 
Når det gjeld produksjonstilskot er her fleire tal som ikkje er klare/endelege ennå, MEN du MÅ søkje innan søknadsfrist, og så kan du etterregistrere eller gjere endringar seinare.
Etterregistrering innan 10. januar gjeld bla. sauer og lam på utmarksbeite, du oppgir kor mange som er slept på beite og kor mange dyr du har fått heim til no (ikkje alle dyr er komne frå heia ennå), det gjeld omsette frukt, her søkjer du på arealet nå (alt frukta er ikkje hausta og i alle fall ikkje omsett ennå), avløysarrefusjon (her kan ein ha avløysarutgifter ut heile kalenderåret, men ta med det som er dokumentert til no).
Ein kan få refundert avløysarutgifter ein har dokumentert til avløysar gjennom avløysarlag, avløysar ein sjølv har arbeidsgivaransvar for, eller avløysing der ein har kjøpt tenesten av andre føretak. Eksempel på kjøp av teneste frå andre føretak kan vere saueklipping, slått og rundballing mm. Arbeid som du som bonde sjølv kunne gjort. Faktura på tenesten må vere spesifisert på kva som er arbeid – du kan ikkje nytte heile fakturaen på rundballing og i den prisen er både mann og maskin og rundballeplast mm.
 
 

1.1 Areal

Sjekk i kart - du kan trykke på "link til" på kvart enkelt gnr/bnr du disponerer i søknaden, og sjå om arealet stemmer med det du oppgir i søknaden. Du vil få feilmelding dersom desse tala ikkje stemmer overeins.
Dersom du har endra areal, ferdig med dyrking, rydda meir beite, bygd på jordbruksjord, areal har grodd att mm, så gi beskjed til kommunen som må synfare/godkjenne endring i areal.
Dersom kommunen ikkje har vore før søknadsfrist, eller kommunen har vore der men du har ikkje fått oppdatert kart ennå, skriv merknad til saksbehandlar/kommunen langt bak i søknadskjema om at du har endring i areal. Då kan komunen gjere endringar i søknaden i tråd med endring av kart når me saksbehandar søknaden. Utan slik merknad har me ikkje rett til å gjere endringar.

1.2 Sauer og lam

I saksbehandlinga får kommunen opp varsel dersom her er slakta få lam no i haust, i forhold til tal sauer du oppgav i søknaden 1. mars.
Eit slik «misforhold» kan skuldast at du ikkje har sendt lam til slakt ennå i haust, det kan vere at du hadde mange påsettlam i vår som ikkje er para, det kan vere du held att ein del livlam til påsett eller slakt seinare i haust/vinter. MEN dette kan ikkje kommunen vite. Det er difor greitt at du skriv ein merknad om dette bak i søknadskjemaet dersom du veit at ditt dyretal og slaktetal kan kome til å gi eit slik varselmelding. Kommunen har ei stund på saksbehandling, så det kan godt hende at du leverer ein del lam i perioden mellom søknadsfristen 15.10 og kommunen sin saksbehandlingsfrist, og at ein til den tid ikkje får varselmelding. Men det er uansett greitt med ein liten kommentar om dette i søknaden.
Det står på nettsida når ein kjem inn til skjema: «Det elektroniske søknadsskjemaet er ikke tilpasset utfylling med nettbrett eller mobil.»