Bondeposten 2/2019

3 RMP 2019 - Regionalt miljøtilskot

Søknadsfrist for RMP er 15. oktober. Dersom du søkjer etter søknadsfrist får du kr 1000,- i avkorting pr dag du er etter søknadsfristen.
Her er ein ny programperiode for RMP som gjeld fom 2019. Her er nokon nye ordningar, endring i vilkår for eksisterande ordningar, og nokon ordningar som er tatt ut.
Difor må ALLE teikne inn det ein søkjer tilskot til på NY i kartet. Ein kan ikkje importere det ein søkte på tidlegare år. Det kan difor hende du ønskjer hjelp til søknaden. De kan søkje frå 1. august, og søknadsfristen er 15. oktober. De kan anten søkje digitalt via Altinn, eller levere papirsøknad til landbrukskontoret. Saksbehandling og kontrollar er enklare om de søkjer digitalt.
 

Nokre endringar:

  • Tilskot til organisert beitebruk – tilskot pr sleppt dyr, ikkje pr heimsanka
  • Tilskot til beiting i verneområde og sikra friluftsområde er tatt bort
  • Tilskot til beiting av verdifulle jordbrukslandskap bla i Lysefjorden blir utmålt pr da jordbruksjord
  • Det er mogleg å søkje tilskot til skjøtsel av slåttemyr
  • Det er ikkje lengre krav om skjøtselsplan for kystlynghei, nå gjeld ordninga og C-områda
  • Skjøtsel av kydlestuvar blir berre gitt det året trea blir kydla, ikkje årleg tilskot lengre
  • Nytt frå 2019 er tilskot til soner for pollinerande insekt
  • Stølsvegar i utmark, eller turstiar i skogplantefelt er ikkje lengre ein del av tilskotsordninga «vedlikehald av turstiar»
  • Det er redusert krav til breidde or ugjødsla soner ved vassdrag (gjeld Hetlandsvatnet i Hetlandsbygda).
  • Hjelmeland kommune er i 2019 framleis ikkje med i ordninga med miljøavtale eller miljøvenleg gjødselspreiing

Regionalt miljøtilskot til pollinerande insekt – ny ordning fom 2019:
Fylkesmannen skriv 12.03.2019: bønder som legg til rette for pollinerande insekt kan få inntil 5000 kr i regionalt miljøtilskot. Dei må anten så i eigna frøblandingar på dyrka mark, eller skjøtte areal som har ei blanding av plantar som gir næring for pollinatorane gjennom vekstsesongen. Tilskotet blir gitt per meter sone, og breidda på sona må vere minst to meter. Vegetasjonssone langs vassdrag kvalifiserer ikkje for tilskot. Dei areala som er best eigna er relativt tørre område på næringsfattig jord med god kalktilstand.
 

Skjøtselsråd

  • Ingen bruk av kjemiske plantevernmidlar, mineralgjødsel eller husdyrgjødsel.
  • Slå arealet etter at dei viktigaste blomane har avblomstra, normalt i juli – august. Er sonene tresatt må det nyttast ljå, ryddesag og liknande.
  • La plantematerialet ligge i 2 – 4 dagar etter slått, men fjern det frå arealet etterpå.
  • La gjerne området bli beita om hausten.
  • Det er viktig å ta vare på treslag som er gode matkjelder; lind, selje, rogn, hegg m.fl
  • Framande artar må fjernast.
  • Dersom det blir brukt frøblandingar, må dei ikkje innehalde framande artar med stor spreiingsfare. 
For RMP er 31. juli registreringsdato. Kydlestuvar som er kylte i år innan den tid, turstiar som er merka og skilta innan denne dagen, areal som er i drift på denne tida mm kan søkjast om.