Bondeposten 2/2019

4 Sett av ei Vipestripe med Regionalt miljøtilskot

Målet er å få fleire vipeungar på vingene gjennom tiltaket "ei stripe for ei vipe". 
I 2020 blir det mogleg for alle landbruksføretak i Rogaland å søke på Regionalt miljøprogram sitt Vipetilskot. Det blir gitt tilskot til å sette av ei pløgd sone dyrka mark til hekking for vipene i intervallet 10. mars til 1. juni. Dei interesserte må melde ifrå til kommunen før 15. oktober i år.
Vipa blir stadig pressa for areal og treng hjelp frå bonden. Om du vil vere med på å tilretteleggje for at den trua vipa på ditt bruk kan du i 2020 søke om Regionalt miljøtilskot for å sette av ei Vipestripe. I 2019 er ordninga kun for Time kommune, men i 2020 blir ordninga utvida til heile fylket. Bønder som ønskjer å vere med må ta kontakt med landbrukskontoret i sin kommune, og uforpliktande melde sin interesse innan 15.oktober. Det er lurt å vere ute i god tid med planlegging.
Vipestipa skal vere pløgd før 10.mars og ligge i tilknyting til innmarksbeite. Den skal ligge urørt fram til 1.juni. Det må vere minst 2 dekar samanhengande område i ei Vipestripe. Det blir ikkje gitt tilskot for meir enn 20 dekar.