Bondeposten 2/2020

9 Avlingsskadeerstatning

ORDINÆR ORDNING OG RISIKOAVLASTNING FOR GRØNTPRODUSENTANE VED MANGEL PÅ ARBEIDSKRAFT

Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten har 20.04.20 blitt einige om utvidinga av avlingsskadeordninga for jordbruket slik at den og omfattar avlingssvikt som følgje av mangel på arbeidskraft. Formålet med utvidinga er å skape tryggleik for produsentane slik at dei set i gong med planlagt produksjon.

Utvidinga gjer at det kan gis erstatning for uhausta volum av frukt, bær, grønsaker og poteter dersom det kan dokumenterast at føretaket ikkje har fått hausta avling som følgje av mangel på arbeidskraft pga koronaepidemien. Partane er einige om å heva den maksimale utbetalinga til 2 mill. kroner og inkludere veksthusproduksjonar som nyttar manuell hausting. Ordninga gjeld for innhaustingssesongen 2020.

I tillegg gjeld den ordinære ordninga med erstatning ved avlingssvikt pga svikt som skuldast klimatiske forhold. Dersom det kan sjå ut som det er fare for avlingssvikt pga tørke, mykje nedbør eller for eksempel hagl, så meld frå til kommunen så snart som råd, og så kjem ein tilbake til eventuell søknad når sesongen er slutt.
Søknadsfrist 31. oktober.

Det som uansett er viktig er god dokumentasjon, og at de gir melding til kommunen dersom det kan vere fare for at sesongen gir avlingssvikt.