Bondeposten 2/2020

11 Endringar i reglane om nydyrking

Landbruks- og matdepartementet har 2. juni 2020 fastsett endringar i forskrift om nydyrking (nydyrkingsforskrifta). Det blei innført forbod mot nydyrking av myr, men kommunen kan likevel tillate dyrking av myr når bestemte vilkår er oppfylte.

Endringane er ei oppfølging av prop. 39 L (2018-2019) Endringar i jordlova mv. (klimaomsyn ved nydyrking). Eit fleirtal i Stortinget har lagt til grunn at det skal bli innført eit forbod mot nydyrking av myr i nydyrkingsforskrifta. Eit slikt forbod er derfor tatt inn i ein ny regel i forskrifta.

Det blir opna for at kommunen kan tillate dyrking av myr når grunneigar mister andre produksjonsareal på grunn av tap av leigejord eller ved utbygging i offentleg regi som samferdsletiltak eller liknande. Kommunen kan og tillate dyrking av myr der grunneigaren sin einaste dyrkingsressurs er myr, eller for å ivareta særskilte produksjonar i myr på fjellgrunn.

Det er og fastsett nokre forskriftsendringar av meir redaksjonell karakter, og tilvisingar til relevant regelverk er oppdatert.

Endringane i nydyrkingsforskrifta gjeld frå 2. juni 2020.