Bondeposten 2/2020

8 Gjødselplan

Føretak som disponerer meir enn 5 gjødseldyreiningar (GDE) skal ha årleg gjødslingsplan. All bruk av husdyrgjødsel på jordbruksareal du disponerer skal inngå i planen, enten det er på dyrka mark eller beite, om det er frå eigne dyr eller om du har spreieareal for andre, om det er eiga jord eller leigejord.

Føretak som disponerer mindre enn 5 GDE kan ha 5-årig gjødslingsplan, men dette må vere godkjent av kommunen. Du må i slike tilfelle søkje kommunen om løyve til å ha 5-årig plan. Ein gjødslingsplan skal omfatta alt jordbruksareal som føretaket disponerer og skal visa gjødslingsbehov etter jordprøveresultata, og kva som er planlagt av gjødsling.

Bruk av ulike gjødselslag på dei ulike skifta må gå fram av planen. Gjødslingsplanen skal og innehalde kart som viser skifteinndelinga og eit notat med skiftenoteringar. Det finns digitale løysingar som skifteplan på mobil og Agrilogg.

Mangelfull gjødselplan kan føre til trekk i produksjonstilskot og RMP-tilskotet!!