Bondeposten 2/2020

2 Jordbruksavtale 2020-2021

Staten og jordbruket blei 30. april 20 einige om ein jordbruksavtale for 2020 – 2021 etter forenkla forhandlingar. Avtalen prioriterer korn, frukt og grønt, og styrker klima- og miljøarbeid.

Her er og bestemt at ordninga for omsetning av mjølkekvotar blir gjeninnført, etter å ha vore suspendert, i samband med eit ekstraordinært oppkjøp for å redusera mjølkeproduksjonen. Ordninga blir gjeninnført ved at 60 prosent av produsentane sin kvote kan seljast privat, og minst 40 prosent må seljast til staten til ein pris på kr 4,- pr liter. Gjeld for kvoteåret 2022, sal i 2021.

Landbrukstenester Ryfylke har gjort dette samandraget angåande velferdsordningar:

  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid vert auka med 2,8%, og maksimalt tak på tilskot er kr 8.800,-
  • For foreldre med barn som er kronisk sjuke eller har nedsett funksjonsevne aukar tal dagar ein kan få avløysing. Tal dagar pr. forelder aukar frå 20 til 30, og frå 40 til 60 for einslege forelder.
  • Satsane for tilskot til tidlegpensjon aukar med kr 5.200,- for einbrukarpensjon og kr 8.320,-for tobrukarpensjon. Her er inga auke i dagsats ved tilskot til avløysing ved sjukdom. Dette medfører at eigenandelen til brukar ved sjukdom blir høgare.