Bondeposten 2/2020

1 Oppdaterte flyfoto og gardskart

Det vart flyfotografert i mykje av Hjelmeland kommune i 2019. No ligg flyfotoa tilgjengeleg blant anna i gardskart, Norge i bilder og temakart- Rogaland. Dersom du zoomar veldig inn for å få detaljar så dukkar flyfoto frå 2015 opp i staden for dei frå 2019. Det har med kvaliteten/oppløysinga i bilda å gjere.

Me har nyleg oppdatert gardskartet etter synfaringar gjort siste året og utifrå meldingar me har fått om nye areal der me nå kan nytte flyfoto som grunnlag for korrigering. Ta ein kikk på gardskarta dine, sjå om kart og terreng no stemmer. Her kan vere kommunen tidlegare har gjort oppdateringar som ikkje er heilt rette pga. at det kartgrunnlaget me hadde tidlegare blei for dårleg til jobben. Gi beskjed til Anne Kari Skogerbø om du har meldingar om gardskart. Gi og beskjed dersom du har nydyrka areal eller beite som skulle vore godkjent i sommar, slik at du kan ta areala med i søknad om produksjonstilskot og RMP til hausten. Registreringsdato for areal i RMP er 31.07. Etter det blir ikkje arealet tatt med i maskinell måling av bratt areal m.m., men ein kan kanskje få det med ved manuell måling.

Areal i gardskartet er grunnlaget for søknad om produksjonstilskot. Er her endring i areal, blir ikkje dette automatisk oppdatert frå gardskartet til søknad om produksjonstilskot. Sjekk difor gardskartet før eller medan du søkjer om produksjonstilskot. Kart og søknad må stemme.