Ny taksering av eigedomsskatt

Det skal gjennomførast ny alminneleg eigedomsskattetaksering (hovedtaksering) i kommunen i 2019. Ny taksering er med sikte på utskriving av nye kommunale eigedomsskattetakstar den 1. mars 2020 for skatteåret 2020.

Kva skal takserast?

Eigedomsskatteutskrivinga omfatter bustad-, fritids- og landbrukseigedom, ikkje landbruksbygg/ landbruksareal i drift. Det inkluderer tomter, festetomt, næringseigedom og energieigedom. Særskilt skattegrunnlag (tidligere produksjonsutstyr i verk og bruk) utskrivest i gjeldende overgangsperiode.

Korleis blir eigedommane taksert?

Grunnlag for takseringa er opplysningar frå matrikkelen, som type eigedom/bygg og bruksareal (BRA) for tomt og bygg. I tillegg takserast anlegg som ikkje er registrert i matrikkel, slike som kai, brygge, småbåtanlegg, oppdrettsanlegg, masseuttak og energianlegg (straumlinjenett mm.). Bustad- og fritidsbygg, samt bygg med privat føremål på landbrukseigedom skal takserast likt som bustad- og fritidseigedom.
Me har etter anbod engasjert takseringsfirma Jeessaa AS og dei utarbeider takstforslag. Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt lager takstretningslinjer og vedtar takstane innan 1. mars 2020.
Det vert utvendig synfaring på bustad- og fritidseigedomar med bygg i løpet av sommar/haust 2019. For næringseigedom hentar me informasjon frå eigar, og det blir vurdert om innvendig befaring er nødvendig.
Nye retningslinjer for taksering er utarbeidd. Desse er under evaluering i høve den praktiske takseringa. Dei ferdige takstretningslinjene vert offentleggjort innan mars 2020. 


Metode for taksering

Hovudmetode for taksering er bruk av sjablongprisar som gangast med areal for tomt og bygg. I tillegg skjønnsmessig vurdering, faktorberegning for justering av standard på eigedomen (alder, vedlikehald, kvalitet) og forhold rundt eigedomen (utsikt, tilgong til sjø, støy m.). I tillegg ser dei på sonefaktor som tek omsyn til lokal pristilpasning i geografiske områder i kommunen og tilpasning til kjent eller antatt salgsverdi. 
Taksten skal gjenspeile antatt marknadsverdi pr 01.01.2020.

Ny nasjonal reduksjonsfaktor justerer ned skattetaksten for bustad/fritidseigedom frå 2020 med 30% (takst * 0,7). Evt. botnfrådrag for bueiningar kjem i tillegg om kommunestyret vedtar dette i desember 2019.
Kommunestyret vedtar promillesats og evntuelt botnfrådrag for 2020 i budsjettvedtak i desember.

Brev til eigarar

Me sender brev til deg som eigar eller eigarrepresentant med informasjon om når synfaring er planlagt i området, og eit faktaark med registrerte matrikkelopplysningar om eigedomen. Det vert laga skjema for at du kan melde frå til kommunen om eventuelle feil på faktaark, eller informere om spesielle forhold på eigedomen. Det er ikkje nødvendig at du som eigar deltek på synfaring for bustad eller fritidseigedom. Du får nærare informasjon om planlagt synfaring om du ønsker å delta på din eigedom.

Skjema du må bruke for å melde frå om eventuelle faktafeil.