Kommunal straumstøtte til næringslivet

Kommunestyret vedtok i sak 059/22 å innføre kommunal straumstøtte til næringslivet i kommunen.

Alle verksemder får etter søknad straumstøtte for 50 % av straumforbruket målt etter faktisk gjennomsnittleg forbruk i perioden 01.09.21- 31.08.22. Straumstøtta vert utmålt for straumkostnader med 80 % av kostnaden utover 70 øre/kwh. Ordninga gjeld for straumforbruk på inntil 500.000 kwh årleg.

Støtta gjeld i første omgang frå 01.10.22 – 31.12.22, og skal evaluerast med tanke på forlenging frå 1. januar 2023.

Dei enkelte faktorar som er lagd til grunn vil kunne justerast for å sikra at straumstøtta vert forholdsmessig rett fordelt mellom alle verksemder og tilpassa det økonomiske handlingsrommet på 4 mill.

Før endeleg tildeling skal formannskapet ha saka til orientering.

Ingen verksemder med statleg straumstøtte kjem inn under den kommunale ordninga.

Forbruk for perioden 01.09.2022 til 31.08.2022 må dokumenterast. Det vil ikkje bli gitt støtte for:

  • Nettleige
  • Fast avgift
  • MVA

Søk straumstøtte

Søknadsfrist er 7. desember 2022.

Finn fram fakturaer på straum frå perioden 1. september 2021 til 31. august 2022 og fyll ut søknadsskjema om straumstøtte.