Generelt om næringsutvikling

Eple - Klikk for stort bilete

I Hjelmeland er det eit godt og variert næringsliv.  Kommunen skal leggje til rette for utvikling og vekst, for å tryggje eksisterande arbeidsplassar og for at det kan skapast nye.

Hjelmeland er ein stor landbrukskommune, med bønder som investerer og satsar på framtida. Med utgangspunkt i landbruket er det utvikla arbeidsplassar med høg kompetanse på fleire felt.

Etterkvart har også turisme, oppdrettsnæringane og sand- og steinindustrien blitt svært viktige for sysselsetjing og busetjing i kommunen. 

I tillegg til ovannemnde næringar og offentleg verksemd har vi også eit variert handels- og servicetilbod i kommunen. 

På næringssida er det eit sterkt samarbeid med Greater Stavanger.  Dette betyr bla. at kommunen i samarbeid med 15 andre kommunar og fylkeskommunen har laga ein felles strategisk næringsplan for Stavangerregionen med hovudmål: «Stavanger-regionen skal innan 2020 vere storbyregionen med størst konkurransekraft og verdiskaping i landet».

Næringsansvarleg i kommunen (rådmannen) kan kontaktast på:
Telefon 404 39 011
Besøks- og postadresse: Vågavegen 116, 130 Hjelmeland.

E-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no.


Ansvarleg innanfor landbruksnæringar/bygdeutvikling (Torborg Kleppa) kan kontaktast på:
Telefon: 404 39 123
E-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no.

Arealguiden - eit verktøy for å søkje og finne informasjon om ledige nærings- og tomtearealer i regionen

 

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Se også