Informasjon til deg som vil starte eiga verksemd

Har du tankar om å starte eiga verksemd? Her får du råd om kor du kan vende deg.



Dersom du har tankar om å starte opp for deg sjølv, så kan du få hjelp hjå Hjelmeland kommune gjennom Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke. Gjennom samtalar får du både informasjon og svar på mange av dei spørsmåla du måtte ha. Informasjon om kor du finn meir hjelp og kor du kan få finansiering vil du også få svar på.

Suksess er 80 prosent person, 10 prosent ide og 10 prosent rett tid.

Viktige ting du bør tenke på dersom du skal starte opp for deg sjølv

Finst det marknad for ideen din? Kven er kundane? Kor er dei? Kor vil dei kjøpe det du sel? Kvifor? Kva slags utstyr treng du for å kome i gong? Kva treng du for å kome vidare med dette prosjektet?

Nokre gode råd på vegen

  • Snakk tidleg med kvalifiserte personar om prosjektet ditt. Bygg om ditt eige uformelle nettverk som består av ulike personar du kan diskutere ulike spørsmål med.
  • Finn tidleg ut kor du kan få finansiert prosjektet ditt.
  • Lag forretningsplan/forretningsmodell - ver konkret
  • Ha kontroll på økonomien - frå første stund. Start og ten pengar så fort som mogleg.

Etablerarrettleiing
Å starte ei bedrift krev planlegging. Mange spørsmål skal ha svar og mange vurderingar må gjerast. Hos Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke får du informasjon, rådgjeving og rettleiing når det gjeld etablering av eiga bedrift - liten eller stor verksemd. I tillegg kan du få hjelp til å lage forretningsplan, forretningsmodell, budsjettering, finansieringsplan, val av selskapsform og litt om marknadsføring. Du får tilbod om nettverk, kontaktpersonar og får vite om dei ulike tilskottsordningane som finst. Etablerarar får tilbod om oppfølging, besøk, informasjon om studieturar, kurs, etablerarkurs med meir.

Ta kontakt med Kari Sand  kari.sand@strand.kommune.no - 5174 3021 eller 950 31 190.

Gjennom Facebooksida «Starte egen bedrift i Strand, Forsand og Hjelmeland» får du informasjon før alle andre.

Skape.no - etablerersenteret for Rogaland
Skape.no tilbyr informasjon og aktivitetar som skal bidra til at etablerarar i Rogaland skal kunne  lykkast med etableringa si. Målet er å gi ei god og heilskapeleg oversikt over dei tilboda som finst i Rogaland. Marknadsføring av alle aktivtetane vert gjort på nettstaden og spesielt vil kurskalenderen gi ein god oversikt over kva som vert tilbydd. Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke er skape.no sin kontaktperson i Hjelmeland.

Innovasjon Norge
har både tilskot og lån. Du kan få finansiert marknadsundersøkingar, kompetanseheving, prøveproduksjon og mykje meir, men prosjekta må vere nyskapande, ha ein internasjonalt marknad og vil vekse. Har du ein landbrukseigedom, kan du søke om Bygdeutviklingsmidlar.

I menyen til høgre finn du lenker til desse og andre nyttige sider for meir informasjon.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Se også