Skogbruk i kommunen

Her kan du lesa om fakta om skogbruk i Hjelmeland og ulike tilskotsordningar.
 

Skogbruk1 - Klikk for stort bilete

Fakta

Produktivt skogareal: 56 084 daa

Hogstaktivitet: 1 400 kubikk gj. kvart år

Planteaktivitet: 300-500 daa årleg

Ungskogpleieaktivitet: 200-400 daa årleg


Tilskotsordningar og kommunen sine satsar

Månge investeringar som er nødvendige for å produsera kvalitetsskog støttast gjennom skogbrukets tilskotsordningar. I kommunen kan ein søkje om støtte til desse skogbrukstiltaka:

  • Planting 
  • Ungskogpleie
  • Stammekvisting
  • Tynning
  • Gjødsling
  • Drift i vanskeleg terreng
  • Bygging og opprusting av skogsvegar

Lenkje til Søknadsskjema

For ei grundigare innføring i tilskotsordningar og skogfond, gå til Skogselskapets skogeierguide her.


 


 

 

 

Det er i tida mellom planting og hogst at du kan auke verdien på tømmeret ditt mest muleg for minst mulig innsats. Ungskogpleie er den pleien du utfører på skogen når den er mellom 1-4 meter. Tips kan ein henta frå Skogselskapes skogeierguide. For å lese den fulle teksten, klikk her.

Bygging av skogsveg kan gi deg som skogeigar økonomisk gevinst i form av lågare transportkostnadar under hogst. Samstundes blir det lettare å skjøtta skogen og mindre køyreskader i terreng. Les meir om bygging og vedlikehald av skogsveg her.

Skogfondet fungerar slik at alle inntekter du får fra skogen, f.eks ved salg av tømmer eller ved, er du pliktig å sette av ein andel på ein eigen skogfondskonto. Pengane som står inne på kontoen kan brukast til å dekke eigenandelen til dei fleste investeringar i skogen.

 

Planting av skog er ein av dei viktigaste oppgåvene innan skogbruk og danner grunnlaget for vidare skogsdrift.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Se også