Ny forskrift om plantevernmiddel

Bruk av plantevernmiddel - Klikk for stort bilete Anne Kari Skogerbø Ny forskrift om plantevernmiddel tredde i kraft 01.06.15. Forskrifta har endringar som gjeld alle brukarane og forhandlarane av plantevernmiddel i Norge. Ei av dei største endringane er at alle nå må vurdera om ein kan bruka andre metodar enn plantevernmidlar i kampen mot ugras, sopp og liknande. 

Nokon av endringane er:

Yrkesbrukarar får strengare krav til journalføring og til å vurdera andre metodar enn kjemiske plantevernmiddel. Det kan og bety å ta i bruk meir kostnadskrevjande metodar for bekjemping av skadegjerarar. Autorisasjonsordninga for yrkesbrukarar held fram og tidligare utskrivne bevis vil framleis gjelde til den dato som går fram av beviset. Funksjonstestordninga for spreieutstyr blir utvida.

Det blir innskjerping av reglane for spreiing av plantevernmiddel frå helikopter i skog. 

Det blir også strengare krav til varsling og merking ved bruk av plantevernmiddel på områder der andre kan ha tilgang. På leikeareale for barn blir all bruk av plantevernmiddel forbudt.


Skjema for søknad og melding til kommunen kan dykk finne her: http://www.mattilsynet.no/planter_og_dyrking/plantevernmidler/bruk_av_plantevernmidler/soknader_og_meldinger_til_kommunen_skog_utmark_kantsoner_og_aakerholmer.19660
 

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500