Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern er ein del av kommunehelsetenesta og er forankra i kommunehelsetenestelova. Miljøretta helsevern handlar om dei faktorane i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa.

Arbeidsoppgåvene er mellom anna:

• Godkjenning og tilsyn ved barnehagar og skular
• Tilsyn ved bassengbad etc.
• Kartlegging og klagebehandling om støy, forureining etc.
• Oppfølging av røykelova
• Tilsyn med campingplassar etc.
• Tilsyn med frisør- og hudpleiesalongar
• Overvaking av vasskvalitet i badevatn
• Rettleiing om ulykkesforebygging
• Rettleiing og tilsyn med gjødsellagring etc.
• Tilsyn og rettleiing om drikkevatn

Denne lista er ikkje utfyllande, og kan endre seg fort.

Det er Kommunestyret som har vedtaksmynde om saker som gjeld miljøretta helsevern. Kommunen har delegert dette mynde til kommuneoverlegen.
Kommuneoverlegen  kan du nå ved å ringe 5175 7100.

Eit par saker har spesiell relevans for Hjelmeland kommune:

RADON

Statens strålevern har vinteren 2003 kartlagt radon i inneluft i bustader i Hjelmeland kommune.

Radon er av interesse fordi det er eit radioaktivt stoff som dannast naturleg ved desintegrasjon av radium, som igjen er eit stoff som finst i berggrunn og jordsmonn. Radon blir lett frigjort til jordluft, og dersom det ikkje er tett i bustadskonstruksjonen mot bakken, kan det bli for mykje radon i inneluft. For mykje radon fører til auka risiko for lungekreft. Radon i friluft er aldri noko problem.

Hjelmeland kommune har diverre eit betydeleg radonproblem. I områda rundt Vadla og Hauge, Fister og Årdal er det stor risiko for for høge radonkonsentrasjonar i bustadene, då over 20 % av målingane i 2003 var for høge. På

Strålevernet si nettside  kan du lese rapporten om Hjelmeland. Vil du vite meir, ta kontakt med Teknisk seksjon tlf 404 39 131.

DRIKKEVATN


Dersom du ikkje har offentleg drikkevatn, er det stor risiko for at drikkevatnet ditt frå tid til anna inneheld sjukdomsframkallande bakteriar.

Kommunen har utarbeidd ein plan for utbygging av offentleg drikkevatn som i prinsippet gjeld for heile kommunen. Kommunen vil gjerne bidra til at det blir god kvalitet, og god kvalitetskontroll på drikkevatnet.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500