Funksjonshemma


Kontoret til barne- og familieseksjonen er i Helsehuset og er ope kl. 08.00–15.00.
Besøksadresse: Prestagarden 13.

Timebestilling eller spørsmål?

Ring på telefon 404 39 051, send telefaks til 5175 7070 eller skriv e-post til postmottak@hjelmeland.kommune.no

Funksjonshemma
Kommunen har ansvar for å leggje til rette tiltak for funksjonshemma slik at dei kan fungere best mogleg ut frå sine føresetnader. Døme på tiltak er avlasting, støttekontakt, besøksheim, transportordning, verna arbeid og friplass i barnehage. Då har sosialkontoret òg ansvaret for å tilsetje støttekontaktar og engasjere besøksheim.

Støttekontakt
Personar som ut frå sosiale, psykiske eller fysiske årsaker har bruk for hjelp, kan søke sosial- og barnevernseksjonen om støttekontakt. Støttekontaktens viktigaste oppgave er vanlegvis å bidra til at personar kan delta i ulike fritidsaktivitetar, og dermed få ei aktiv og meiningsfull fritid. Støttekontaktar vert lønt av kommunen. Personar som vil arbeide som støttekontakt, kan ta kontakt med Hjelmeland sosial- og barnevernseksjon.

Individuell plan
Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester (skule, trygd, arbeid, ytingar m.m.), har frå 01.07.01 rett til å få utarbeidd ein individuell plan (pasientrettighetslova § 2-5). Planen skal sikre at det er pasientens behov og ynskje som styrer utforminga og samansetninga av tenester. Barne- og familieseksjonen har òg eit ansvar for å jobbe med dette, men det er ein eigen koordinator i kommunen som er Kristian Hausken, tlf. 51757000. Meir om inviduell plan finn du på Helsedirektoratet  .

Transporttenesteordninga (TT-ordninga)
TT-ordninga er eit tilbod til varig funksjonshemma som ikkje kan nytte seg av allereie eksisterande kollektive transportmiddel, eller ikkje kan gjere det utan store vanskar.  Send søknad (PDF, 234 kB) til Barne- og familieksjonen som administrer ordninga. Meir om ordninga finn du på Rogaland fylkeskommune sine nettsider.

Parkeringsløyve for forflytningshemma
For å søke, ta kontakt med Barne- og familieseksjonen, du kan bruke følgjande skjema:
Søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma og Legeerklæring for parkeringsløyve forflyttingshemma.

Tilpassing av bustad/bustadrådgiving for eldre og personar med nedsett funksjon.

Sist endra 14.11.2016
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500