Byggeråstoff i denne samanheng er sand, grus og naturstein.
Deponi handlar om lagringa av massar for seinare bruk. Massedeponi krev i dag meir komplekse avklaringar enn før.
Kommunedelplanen som blir utarbeidd vil leggja føringar for komande revisjon av kommuneplanen sin arealdel.
Korleis skal me lage planen?
Me ønsker altså ikkje innspel til sjølve planen no, men innspel til korleis me skal jobba for å få utarbeidd ein best mogleg plan. Det går m.a. på kven som bør involverast, kva utgreiingar som skal til, om framdriftsplanen er realistisk og om målet med planarbeidet er rett ?
Kva meiner du om innspelskjemaet?
Med utkastet til planprogram følger også eit utkast til skjema. Dette skal brukast i innspelsrunden til sjølve planen, i tidsrommet juli-september. I denne omgang ønsker me tilbakemelding på om skjemaet me har laga er forståeleg, eller om du vil foreslå endringar ?
Innspel til planprogram og skjema sendast til:
- Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
- postmottak@hjelmeland.kommune.no
- eller digitalt
Frist for uttale: 22.04.2023
Les Kommunedelplan for byggeråstoff og deponi - forslag til planprogram (PDF, 11 MB)
Innspelskjema - utkast (PDF, 281 kB)
Informasjonsmøte
Sjå opptak frå møtet tysdag 28. mars
Tysdag 28. mars kl. 19.00 var det eit infomøte om det framlagte forslaget til planprogram i kommunestyresalen, Vågavegen 116. Det var også råd å følga møtet via Hjelmeland kommune/Facebook.