Kommuneplan sluttbehandling våren 2019

Kommuneplanen for Hjelmeland 2019-2031 er no inne i sluttbehandlinga. Det er lagt opp ei gjennomgang av kommuneplanen i areal og forvaltningsutvalet 5.mars, og vedtak i formannskapet 6.mars og kommunestyret 11.april.

Den delen som gjeld Hjelmeland sentrum med omland er enno ikkje klar. Her vert det teke sikte på å senda ut eit høyringsframlegg i løpet av fyrste halvår 2019.

Kommuneplanen består av samfunnsdelen, som gir langsiktige mål for Hjelmelandssamfunnet, og arealdelen, som er eit plankartmed tekstdel for heile kommunen.  Kommunestyret har vedteke å vidareføra visjonen «Hjelmeland Naturlegvis», og hovudmålet lyder «Jobb og attraktivitet. Å leggja til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn».  

For at politikarane skal har eit best mogleg grunnlag for vedtak, er det laga ei ordinær sak med tilråding frå rådmannen. I tillegg er det sendt ut ei «planpakke» ved sluttbehandling, denne består av fem bolkar med fleire dokument i kvar:

For at kommunestyret skal få lov til å godkjenna planen utan å blanda inn kommunaldepartementet, må motsegner som er komne frå regionale og statleg styremakter avklarast. Mellom formannskapsmøtet og kommunestyremøtet er det difor avtalt eit meklingsmøte med fylkesmannen. Her vil ein politikardelegasjon forhandla på vegne av kommunen.

Endeleg plan vil bli kunngjort når den er vedteken. 

Haldis Karine Nilsen
Plan og forvaltningssjef
E-post
Telefon 404 39 120