Info om vidare behandling av kommuneplanen

I høyringsrunden våren 2018 kom det ca 60 merknader frå ulike privatpersonar, lag/foreiningar og overordna myndigheiter. Hausten 2018 vart det gjennomført ei tilleggshøyring som også ga ein del merknadar.

Alle merknadar er postført og registrert i saken, og blir vurdert og lagt fram for politisk 2.gongsbehandling.

Men: det kom svært mange motsegner til nye utbyggingsområde o.a i arealdelen frå overordna planmyndigheiter.  Me har i dag dialog med overordna styresmakter om desse motsegnene, og prøver å finne løysingar.

Hausten 2018 har kommunestyret vore på synfaring, og dei har også drøfta ulike tema knytt til motsegnene. Det er gjennomført drøftingsmøte med overordna styresmakter.

På nyåret har administrasjonen førebudd sluttbehandling av saka til følgjande utval:

  • areal- og forvaltningsutvalet 5.mars
  • formannskapet 6. mars
  • kommunestyret 11.april 2019

Det er i tillegg avtalt eit meklingsmøte med fylkesmannen for å avklara dei siste motsegnene. Dette møtet skjer før kommunestyremøtet.

Kommuneplanen består av samfunnsdel og arealdel, men begge vert behandla samla i ei sak. Etter vedtak vil planen bli kunngjort. Det er ikkje klagerett på kommuneplanen.

Kommuneplan for Hjelmeland sentrum  med omland, blir ikkje ferdigstilt i april. Men me tek sikte på å leggja forslag ut på høyring i løpet av juni, og sluttbehandling tidleg haust. Arbeid med Vågen360 har gitt viktige innspel til denne delen av planen.

Haldis Karine Nilsen
Plan og forvaltningssjef
E-post
Telefon 404 39 120