Tilleggshøyring av nye tiltak i kommuneplanens arealdel

Kommunestyret vedtok i møte 26.09.2018 sak 44/18 at nokre nye innspel om arealbruksendringar skal leggjast inn i forslag til ny kommuneplan/arealdelen.  Desse vart lagt ut til offentleg ettersyn/høyring jf plan-og bygningslova § 11-14.

 

Desse nye tiltaka er


- Utviding av framtidig reiselivsområde, 2/1, Øyehabn, Randøy
- Nytt hyttefelt/småbåthamn, 13/9, Knutsvik, Jøsneset
- Utviding industriområde, 73/1, Barnevik, Fister
- Utviding næringsområde Årdalstunet vestover, 101/2 og 101/4, Årdal
- Utviding småbåthamn/fortetting hytter, 85/4, Eikelid, Fister
 

Innspela (PDF, 5 MB)

Frist for uttale var 20. november 2018.

Alle dokument og høyringsinnspel finn du her