Høyring - Kommuneplan Hjelmeland sentrum

Hjelmeland kommunestyre vedtok i møte 19.6.2019 i sak 27/19 å leggje forslag til Kommuneplan for Hjelmeland sentrum ut på høyring, samfunnsdel og arealdel.
 

Her finn du kommunestyresak, planskildring, planforslag og bakgrunnsdokument.

Sjølve planen er dokument A - Planskildring, B - Tekstdel og C - Plankart.

Merknader til planforslaget kan sendast via elektronisk skjema

Merknader kan òg sendast pr epost til postmottak@hjelmeland.kommune.no eller ordinær post Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.

Høyringsfrist er 02.09.2019

Det blir ope folkemøte om planforslaget tysdag 20.8.2019 kl 19.00 i kommunestyresalen i Hjelmelandsvågen.

Denne siste biten av kommuneplanrevisjonen i Hjelmeland; Hjelmeland sentrum, høyrer saman med resten av kommuneplanen som vart vedteken 11.4.2019. Endeleg planvedtak av sentrumsdelen vil bli integrert inn i ein felles kommuneplan for heile kommunen.