Kommuneplanens Samfunnsdel

Hjelmeland kommunestyre vedtok i møte den 11.04.2019 ny kommuneplan for Hjelmeland - samfunnsdel.

Kommuneplanen er eit strategisk dokument som skal styre samfunnsutviklinga i Hjelmeland i eit 12-årsperspektiv. Samfunnsdelen gjeld saman med Arealdelen. Førebels er ikkje kommuneplanen for Hjelmeland sentrum vedtatt (er under høyring), men Samfunnsdelen og Arealdelen for resten av kommunen er vedtatt.