Godkjent detaljreguleringsplan Nesvik ferjekai, RV13, R171

I medhald av plan- og bygningslova § 12-2 har Hjelmeland kommunestyre i sak 62/18 den 13.12.2018 godkjent detaljreguleringsplan Nesvik ferjekai RV13, planid R171.

Detaljreguleringsplanen gjeld primært flytting av pir og utviding til doble ferjekaiar i riksvegsambandet mellom anna pga. omlegging til hydrogenelektrisk ferjedrift – og trafikkmessige endringar både i sjø og på land som følgje av dette. Planen omfattar òg endringar i nært tilhøyrande areal som td parkeringsplassar, småbåthamn, næringsområde, landbruksområde,r iggområde og anna.

Planen medfører ei vesentleg endring av gjeldande reguleringsplan R25 Nesvik frå 1998, og erstattar såleis denne for dette arealet.

 
Godkjent plan består av:

Føresegner Nesvik (PDF, 490 kB)
Planskildring Nesvik  (PDF, 6 MB)

Vedtaket kan, i medhald av plan- og bygningslova § 12-2 og forvaltningslova § 29, klagast inn for Fylkesmannen i Rogaland av parter eller andre med rettsleg klageinteresser. Eventuell klage skal sendast skriftleg til: postmottak@hjelmeland.kommune.no eller

Hjelmeland kommune, Plan og forvaltning, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
innan 20. januar 2019.

Eventuelle krav om erstatning må setjast fram skriftleg for Hjelmeland kommune innan 3 år frå den offentlege kunngjeringa av vedtaket, jf. PBL §§ 15-3.