Godkjent detaljreguleringsplan Sande ferjekai, RV13, R170

I medhald av plan- og bygningslova § 12-2 har Hjelmeland kommunestyre i sak 63/18 den 13.12.2018 godkjent Detaljreguleringsplan Sande ferjekai RV13, planid R170.

Detaljreguleringsplanen gjeld primært flytting av pir og utviding til doble ferjekaiar i riksvegsambandet mellom anna pga. omlegging til hydrogenelektrisk ferjedrift – og trafikkmessige endringar både i sjø og på land som følgje av dette. Planen omfattar òg endringar i nært tilhøyrande areal som til dømes parkeringsplassar, småbåthamn, næringsområde, campingområde, friområde, riggområde og anna.

Planen medfører ei vesentleg endring av gjeldande reguleringsplan R47 Sande frå 1999, og erstattar såleis denne for dette arealet.

Saksframlegg med kommunestyrevedtak, sak 63/18 (PDF, 971 kB)

Godkjent plan består av:
Plankart Sande (PDF, 436 kB)
Føresegner Sande (PDF, 395 kB)
Planskildring Sande (PDF, 6 MB)

Vedtaket kan, i medhald av plan- og bygningslova § 12-2 og forvaltningslova § 29, klagast inn for Fylkesmannen i Rogaland av parter eller andre med rettsleg klageinteresser. Eventuell klage skal sendast skriftleg til:

postmottak@hjelmeland.kommune.no eller
Hjelmeland kommune, Plan og forvaltning, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
innan 20. januar 2019.

Eventuelle krav om erstatning må setjast fram skriftleg for Hjelmeland kommune innan 3 år frå den offentlege kunngjeringa av vedtaket, jf. PBL §§ 15-3.