Vedtatt budsjett og økonomiplan 2020-2023

  1. 1 Vedtak budsjett 2019
  2. 2 Bakgrunn og føringar
    1. 2.1 Eigedomsskatt og kraftskatt
    2. 2.2 Særlege mål i budsjettperioden
    3. 2.3 Økonomiske mål og føresetnadar
      1. 2.3.1 Økonomiske mål og føresetnadar
      2. 2.3.2 Eigedomsskatt
      3. 2.3.3 Gjeld
      4. 2.3.4 Sal av kommunale eigedomar
      5. 2.3.5 Total ramme for budsjettet
    4. 2.4 Statsbudsjettet for 2020
      1. 2.4.1 Satsingsområde i statsbudsjettet
      2. 2.4.2 Statsbudsjettet, tal for Hjelmeland
  3. 3 Mål for drifta
    1. 3.1 Kommunalt plansystem
    2. 3.2 Hjelmeland kommune, organisasjon
      1. 3.2.1 Politisk organisasjon
      2. 3.2.2 Administrativ organisasjon, organisasjonskart
      3. 3.2.3 Endringar i organisasjonen
    3. 3.3 Visjon mål og prioriteringar
      1. 3.3.1 Overordna mål i kommuneplanen
      2. 3.3.2 Ryfast
      3. 3.3.3 Hjelmeland med Ryfast
      4. 3.3.4 Særlege utviklingsområde i budsjettperioden
  4. 4 Økonomi og trendar
    1. 4.1 Utvikling i folketalet
      1. 4.1.1 Prognosar utvikling i innbyggartalet
      2. 4.1.2 Kommentarar til prognosane
    2. 4.2 Utvikling i netto driftsresultat
  5. 5 Budsjett og rammer for 2020-2023
    1. 5.1 Hovedoversikt drift
      1. 5.1.1 Inntekter og utgifter. Budsjetttskjema 1a
      2. 5.1.2 Rammer per ansvar. Budsjettskjema 1b
      3. 5.1.3 Budsjett per hovudområde
      4. 5.1.4 Bevillingsoversikt
      5. 5.1.5 Driftsoversikt hovudpostar
      6. 5.1.6 Endringar i sentrale kostraområde
      7. 5.1.7 Oversikt hovudpostar /syner kva som må dekkast inn)
  6. 6 VAR
    1. 6.1 Forventa utvikling i VAR kostnadar
    2. 6.2 Grunnlag for VAR-gebyrer
  7. 7 Nye tiltak som er med i budsjettet
    1. 7.1 Nye tiltak
      1. 7.1.1 Stabar
      2. 7.1.2 Oppvekst
      3. 7.1.3 Helse
      4. 7.1.4 Bygg og anlegg
      5. 7.1.5 Vatn og avlaup
    2. 7.2 Kutt eller ekstra inntening
      1. 7.2.1 Skatt og finans
      2. 7.2.2 Rådmannen
      3. 7.2.3 Oppvekst
    3. 7.3 Ønska tiltak som rådmannen ikkje finn rom for å imøtekoma
  8. 8 Fond, avsetning og bruk
    1. 8.1 Avsetning fond
    2. 8.2 Bruk av fond
  9. 9 Lån og gjeldsgrad
    1. 9.1 Gjeldsgrad
    2. 9.2 Låneopptak i perioden
  10. 10 Nøkkeltal frå Kostra
    1. 10.1 Nøkkeltal Plan, forvaltning, landbruk, næring
    2. 10.2 Nøkkeltal Bygg- og anlegg
    3. 10.3 Nøkkeltal Helse og omsorg
    4. 10.4 Nøkkeltal Kultur og kulturskule
    5. 10.5 Nøkkeltal Oppvekst
  11. 11 Budsjettkommentarar frå einingane
    1. 11.1 Stabar
      1. 11.1.1 Politisk styring
      2. 11.1.2 Rådmannen, arkiv, informasjon, digitalisering, SLT, jus, bustad, GDPR, Prosjektleiar
      3. 11.1.3 Kundesenter
      4. 11.1.4 Fagområdet lønn og personal
      5. 11.1.5 IKT
      6. 11.1.6 Økonomi
      7. 11.1.7 Plan og forvaltning
      8. 11.1.8 Bygg og anlegg
      9. 11.1.9 Kultur
    2. 11.2 Helse og omsorg
      1. 11.2.1 Helse og omsorg overordna
      2. 11.2.2 Helse
      3. 11.2.3 Årdal omsorgssenter
      4. 11.2.4 Hjelmeland omsorgssenter
      5. 11.2.5 NAV
      6. 11.2.6 Barnevernstenesta
  12. 12 Oppvekst
    1. 12.1 Oppvekst overordna
    2. 12.2 Kulturskulen
    3. 12.3 Vaksenopplæring
    4. 12.4 Årdal skule
    5. 12.5 Fister skule
    6. 12.6 Hjelmeland skule
    7. 12.7 Fister og Jøsenfjorden barnehagar
    8. 12.8 Hjelmeland barnehage
    9. 12.9 Årdal barnehage
  13. 13 Investeringar
    1. 13.1 Vedtatte investeringar 2020-2023

2 Bakgrunn og føringar

Kommunelova § 44, 45 og 46 fortel kva ei økonomiplan og eit årsbudsjett i ein kommune skal innehalda. Formannskapet har fått informasjon om budsjettet i ei foreløpig rammesak 53/18  om økonomiske rammer for 2019 og eit  temamøte om  budsjettet i formannskapet 2.10.2018.

Bakgrunn og grunnlag for arbeidet med budsjett 2020 er vedteke budsjett for 2019, med konsekvensjusteringar og vedtekne budsjettendringar. Vedteken økonomiplan 2019 – 2022 og kommuneopplegget i statsbudsjett for 2020.  Formannskapet har gitt føringar på at utkast til budsjett skal baserast på rammebudsjettering for dei ulike tenesteområda.

2.1 Eigedomsskatt og kraftskatt

I statsbudsjettet er det føreslått ei endring som kan få store konsekvensar for Hjelmeland kommune. I årets budsjett er det tatt høgd for konsekvensane i Hjelmeland.  Per dato har kraftskatteutvalet levert ei tilråding som kan få svært store konsekvensar for Hjelmeland kommune.  Opp mot 38 millionar kroner i tapte inntekter på kraftverka vår er konsekvensen om utvalet si innstilling  vert gjennomført. Dette er nok lite truleg, men innstillinga kan føre til endringar i kraftskatteregimet som kan ramma oss. Hjelmeland kommune er totalt avhengig av kraftinntekter for å halda tenestetilbodet på nivå med i dag.

2.2 Særlege mål i budsjettperioden

Hjelmeland kommunes mål nummer ein er å etablere ein organisasjon og eit tenestenivå på eit langsiktig, berekraftig økonomisk nivå, der innbyggjarane får gode tenester.

Denne målsettinga vart halden fram i 2017 budsjettet, det gjeld framleis. Det er vanskelig å driva i tråd med dette vedtaket.  Per dato ser me ikkje at det er mogleg å redusera talet på tilsette. I budsjett forslaget for 2020 er det som i 2019 lagt opp til at nye oppgåver i stor utstrekning må gjennomførast innafor rammene som har vore dei siste åra. Det er funne plass til svært få nye tiltak.

Nye tiltak som det er funne plass til er tiltak som gjeld  ressurskrevjande brukarar. Dette er naudsynt for å gi tilbod i tråd med loven. I slike samanhengar er det og viktig å ha rett kompetanse på rett stad og rett dimensjonert.

2.3 Økonomiske mål og føresetnadar

2.3.1 Økonomiske mål og føresetnadar

KS har utarbeidt en modell for anbefalt driftsresultat, basert på kommunens profil. Tabell under syner anbefalt nivå for Hjelmeland i denne modellen .

 

Klikk for stort bileteTabell 1 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er tidlegare uttrykt eit mål at Hjelmeland kommune skal gjere seg uavhengig av inntekter på konsesjonsavgift i drifta for å nytte desse til samfunns- og næringsutvikling, samt til investeringar i infrastruktur. Om Hjelmeland kommune skal gjennomføra dette utan å nytta konsesjonsavgifter til driftsoppgåver må driftsoverskotet vera over kroner 15 000 000,- .   Dette viser seg å vera vanskeleg å gjennomføra. Det er også eit nødvendig mål at Hjelmeland kommune bygger opp eit disponible fond for å redusere sårbarheit i høve til uføresette kostnadar og som eigen finansiering av investeringar. Rådmannen ser det vanskeleg å legge opp til ei drift der kommunen blir uavhengig av kraftfond dei næraste åra. Kraftfondet har vedtekter som er ein del av konsesjonsvilkåra. Rådmannen legg desse vedtektene til grunn ved bruk av kraftfond.

Driftsoverskotet bør i løpet av fire år nå eit mål som ligg over minimumsnivået på  1,3%. I tillegg bør ein klart større del av kraftfondet nyttast til tiltak som er viktige for å få til næringsetablering, for slik å legga til rette for nye arbeidsplassar.  For året 2020 er det ei særskild overføring til finansiering av Helgøy Bru. 5 millionar er vedteke som støtte frå Hjelmeland kommune, dette skal dekkas av kraftfondet
 
Rådmannen har ikke funne det tilrådeleg å kutte i drifta utover det som blir presentert her og ynskjer normal drift for 2020. Netto driftsresultat blir sett eksklusive finansiering Helgøy bru. 

Netto driftsresultat ekskl Helgøy Bru: 2 597 000, 0,82%
Netto driftsreultat inkl Helgøy Bru: -2 403 000, -0,76% 

2.3.2 Eigedomsskatt

Det har vore gjennomført taksering av eigedomar. Dette arbeidet er ikkje avslutta. Større endringar i  inntekter frå eigedomsskatt er det ikkje grunn til å venta.

Reduksjonen i eigedomsskatt frå Ombo vil verte  nær kroner 250 000,-.

Rådmannen vil unngå å auke eigedomsskatten dette året og. Dette fordi skatten er under press og med tanke på samla utgift for hushaldningane på gebyrer og eigedomsskatt.

2.3.3 Gjeld

Lånegjelda er p.t. kroner 271 mill. I tillegg kjem gjeld til startlån på 42 millionar kroner. Totalt kroner 313 millionar.   Gjeldsgraden er brutto 99%, og netto 82%. 
 
Husbanken vert nytta aktivt av Hjelmeland kommune til startlån som vert vidareformidla. Sjå kap. om gjeldsgrad.

2.3.4 Sal av kommunale eigedomar

Det er budsjettert med sal av kommunale bustader med kroner 3 000 000,- . 

2.3.5 Total ramme for budsjettet

Etter ein gjennomgang av inntekter og utgifter har rådmannen lagt opp til ei ramme på 317 000 000,-. NB! 2020 kroner. Dette er midlar som skal nyttast til det beste for innbyggjarane i Hjelmeland, samstundes er det viktig at me ikkje nyttar meir enn desse midlane til å gje gode tenester.

2.4 Statsbudsjettet for 2020

2.4.1 Satsingsområde i statsbudsjettet

Statsbudsjettet for 2020 vart lagt fram den 7. oktober 2019. Følgjande område er vektlagt i budsjettet: • Berekraftig velferdssamfunn • Offensiv klimapolitikk • Sosial bærekraft og moglegheiter for alle • Tryggleik.  Statsbudsjettet har ulike «kommunale» hovudprioriteringar for dei ulike departementa:

Kunnskapsdepartementet
Vil sikra tidleg innsats i skule og barnehage. Ved  bemanningsnorm, og ved kompetanseheving. To-åringar frå familiar med låg inntekt vert inkludert i ordninga med gratis kjernetid (Starta hausten 2019).  Frå 2020  føreslår ein å redusera foreldrebetalinga i SFO på 1. og 2. årstrinn. Regjeringa vil også sikra gratis SFO til elevar på 5.-7. trinn som har særlege behov.  Det er føreslått at 250 mill. til læremidlar. Kompetanseutvikling er eit stort satsingsområde. 1,5 mrd er sett av til kompetanseutvikling for lærarar og skuleleiarar.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Prioriteringar: – levande lokaldemokrati – ein enklare kvardag for folk flest –  trygge og gode  løysingar for å bu og trivast. Regjeringa ynskjer å sikra kommunane sin økonomi og det er anslått ein vekst i frie inntekter til kommunane med kroner 1,3 milliardar. Departementet  foreslår 700 mill.  til nye satsingar på IT– og digitalisering.  Tilskott til utbygging av breiband vert auka med 50 mill.

Helse og omsorgsdepartementet 
Prioriteringar: Behandla fleire pasientar i sjukehusa. Betre kapasitet og auka kvalitet i omsorgstenesta. Bl.a.  tilskott til eigne kjøkkenløysingar for lokal produksjon av mat. Arbeidet på rusfeltet  fortsett med ei eiga opptrappingsplan. Arbeidet med e.helse med fleire nye løysingar vil bli vektlagt.

Barne- og likestillingsdepartementet
Departementet vil fortsette arbeidet mot vald  og overgrep, og innsats for barn i familiar med vedvarande låge inntekter. Det vil og bli satsa på institusjonsløft i det lokale barnevernet. Det vil bli gjort forsøk med frtitidskort.  
 
Kulturdepartementet
Regjeringa vektlegger gode støtteordningar for frivillig sektor.  Meirverdikompensasjonen vil auka med kroner 134 millionar . (Frå 1,6 milliardar) 

Samferdsledepartementet 
For Hjelmeland vil satsing på tidleg introduksjon av 5G mobilt breiband vera av interesse. Fokus på bruk av låg– og nullutslippsløysingar i skipsfarten, og når det gjeld næringstransport. Her er det auka i midlar til forsking innafor området.

Landbruksdepartementet
Prioriteringar: Kompensjonsordningar for pelsdyroppdrettarar, forsking på klimatilpassa og lønsam  matproduksjon.
 

2.4.2 Statsbudsjettet, tal for Hjelmeland

Innbyggjartilskot
Forslaget i Statsbudsjettet er eit innbyggjartilskot til Hjelmeland kommune på  kroner 100 mill.  Skjønnsmidlar over statsbudsjettet er føreslått til kroner 1 mill. (Legevakt.)
 
Skatt
Skatteanslaget er sett til kroner 96,5 mill. Dette er i tråd med finansdepartementets anslag for Hjelmeland.   
Frie disponible inntekter for Hjelmeland kommune; kroner 245 millionar kroner.