Vedtatt budsjett og økonomiplan 2020-2023

  1. 1 Vedtak budsjett 2019
  2. 2 Bakgrunn og føringar
    1. 2.1 Eigedomsskatt og kraftskatt
    2. 2.2 Særlege mål i budsjettperioden
    3. 2.3 Økonomiske mål og føresetnadar
      1. 2.3.1 Økonomiske mål og føresetnadar
      2. 2.3.2 Eigedomsskatt
      3. 2.3.3 Gjeld
      4. 2.3.4 Sal av kommunale eigedomar
      5. 2.3.5 Total ramme for budsjettet
    4. 2.4 Statsbudsjettet for 2020
      1. 2.4.1 Satsingsområde i statsbudsjettet
      2. 2.4.2 Statsbudsjettet, tal for Hjelmeland
  3. 3 Mål for drifta
    1. 3.1 Kommunalt plansystem
    2. 3.2 Hjelmeland kommune, organisasjon
      1. 3.2.1 Politisk organisasjon
      2. 3.2.2 Administrativ organisasjon, organisasjonskart
      3. 3.2.3 Endringar i organisasjonen
    3. 3.3 Visjon mål og prioriteringar
      1. 3.3.1 Overordna mål i kommuneplanen
      2. 3.3.2 Ryfast
      3. 3.3.3 Hjelmeland med Ryfast
      4. 3.3.4 Særlege utviklingsområde i budsjettperioden
  4. 4 Økonomi og trendar
    1. 4.1 Utvikling i folketalet
      1. 4.1.1 Prognosar utvikling i innbyggartalet
      2. 4.1.2 Kommentarar til prognosane
    2. 4.2 Utvikling i netto driftsresultat
  5. 5 Budsjett og rammer for 2020-2023
    1. 5.1 Hovedoversikt drift
      1. 5.1.1 Inntekter og utgifter. Budsjetttskjema 1a
      2. 5.1.2 Rammer per ansvar. Budsjettskjema 1b
      3. 5.1.3 Budsjett per hovudområde
      4. 5.1.4 Bevillingsoversikt
      5. 5.1.5 Driftsoversikt hovudpostar
      6. 5.1.6 Endringar i sentrale kostraområde
      7. 5.1.7 Oversikt hovudpostar /syner kva som må dekkast inn)
  6. 6 VAR
    1. 6.1 Forventa utvikling i VAR kostnadar
    2. 6.2 Grunnlag for VAR-gebyrer
  7. 7 Nye tiltak som er med i budsjettet
    1. 7.1 Nye tiltak
      1. 7.1.1 Stabar
      2. 7.1.2 Oppvekst
      3. 7.1.3 Helse
      4. 7.1.4 Bygg og anlegg
      5. 7.1.5 Vatn og avlaup
    2. 7.2 Kutt eller ekstra inntening
      1. 7.2.1 Skatt og finans
      2. 7.2.2 Rådmannen
      3. 7.2.3 Oppvekst
    3. 7.3 Ønska tiltak som rådmannen ikkje finn rom for å imøtekoma
  8. 8 Fond, avsetning og bruk
    1. 8.1 Avsetning fond
    2. 8.2 Bruk av fond
  9. 9 Lån og gjeldsgrad
    1. 9.1 Gjeldsgrad
    2. 9.2 Låneopptak i perioden
  10. 10 Nøkkeltal frå Kostra
    1. 10.1 Nøkkeltal Plan, forvaltning, landbruk, næring
    2. 10.2 Nøkkeltal Bygg- og anlegg
    3. 10.3 Nøkkeltal Helse og omsorg
    4. 10.4 Nøkkeltal Kultur og kulturskule
    5. 10.5 Nøkkeltal Oppvekst
  11. 11 Budsjettkommentarar frå einingane
    1. 11.1 Stabar
      1. 11.1.1 Politisk styring
      2. 11.1.2 Rådmannen, arkiv, informasjon, digitalisering, SLT, jus, bustad, GDPR, Prosjektleiar
      3. 11.1.3 Kundesenter
      4. 11.1.4 Fagområdet lønn og personal
      5. 11.1.5 IKT
      6. 11.1.6 Økonomi
      7. 11.1.7 Plan og forvaltning
      8. 11.1.8 Bygg og anlegg
      9. 11.1.9 Kultur
    2. 11.2 Helse og omsorg
      1. 11.2.1 Helse og omsorg overordna
      2. 11.2.2 Helse
      3. 11.2.3 Årdal omsorgssenter
      4. 11.2.4 Hjelmeland omsorgssenter
      5. 11.2.5 NAV
      6. 11.2.6 Barnevernstenesta
  12. 12 Oppvekst
    1. 12.1 Oppvekst overordna
    2. 12.2 Kulturskulen
    3. 12.3 Vaksenopplæring
    4. 12.4 Årdal skule
    5. 12.5 Fister skule
    6. 12.6 Hjelmeland skule
    7. 12.7 Fister og Jøsenfjorden barnehagar
    8. 12.8 Hjelmeland barnehage
    9. 12.9 Årdal barnehage
  13. 13 Investeringar
    1. 13.1 Vedtatte investeringar 2020-2023

3 Mål for drifta

3.1 Kommunalt plansystem

Klikk for stort bilete  

3.2 Hjelmeland kommune, organisasjon

3.2.1 Politisk organisasjon

Kommunestyret, er ansvarleg for drifta av kommunen.

Formannskapet, er kommunestyret sitt arbeidsutval, men har delegert rett til å avgjera i nokre saker. Formannskapet er planutval og økonomiutval.

Forvaltningsutval, arbeider med plan- og forvaltning og er arbeidsutval for kommunestyret i slike saker.

Administrasjonsutval, politisk valde medlemmar saman med eit utval tillitsvalde. Dei  handsamar saker som vedkjem kommunen sine medarbeidarar, slik som t.d. heiltidskultur, arbeidsgivarstrategi, rekrutteringstiltak.

Ordføraren, har ansvar for møteinnkalling og møteleiing. Kommunestyret kan delegere saker til ordførar. Er kommunen sitt fremste ombod for innbyggjarane. Kan få delegert oppgåver av kommunestyret.

Varaordførar er ordføraren sin stadfortredar.

3.2.2 Administrativ organisasjon, organisasjonskart

Klikk for stort bilete 

3.2.3 Endringar i organisasjonen

I 2018 blei stillinga assisterande rådmann organisert bort. Per dato er den administrative organiseringa slik at dei einingane som sokner under kommunalsjefane rapporterer direkte til dei. Resterande rapporterer til rådmannen. Når det gjeld IKT og kundesenter er per dato rådmannen personalansvarleg for alle medarbeidarar.  Bibliotek rapporterer til kultursjef.

3.3 Visjon mål og prioriteringar

Vedteken KOMMUNEPLAN 2019 – 2031 har visjonen: 

Klikk for stort bilete 

 

 

Visjonen er grunnlag for plan, utvikling og tenesteyting. Visjonen gjev uttrykk for eit ynskje om positivt samspel mellom kommunen sine tilsette, innbyggjarane og naturen rundt oss. Ein vil signalisere at ein ynskjer å bruke natur og naturressursar til helse, rekreasjon og friluftsføremål. Visjonen seier noko om  satsing på næring som i stor grad er bygd opp rundt bruk av dei gode naturressursane kommunen har. Visjonen skal vise at Hjelmeland skal vere eit naturleg val for å bu, arbeide, bu i fritida, besøkje, drive rekreasjon og oppleva naturen.

3.3.1 Overordna mål i kommuneplanen

I KST sak 14/19 og 44/19 vart kommuneplanen vedtatt.

Hovudmål: 
Jobb og attraktivitet. Å leggja til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.

Dette målet ynskjer me å nå ved å arbeide med følgjande grunnleggande rammer for utvikling: 

  • Samferdsle med særleg fokus på Ryfast
  • Økonomi 
  • ROS/ beredskap
  • Barnekonvensjon og folkehelse
  • Næringsliv og ressursar
  • Klimaomstilling/ grønt skifte

 
Satsingsområde i kommuneplanen er:
Vidareutvikle «trekantsamarbeidet» offentleg, privat og  frivillig sektor for å skape ein basis for felles lokalsamfunns-   utvikling med vekst i folketalet.

Næringsutvikling med basis i eksisterande næringar, der reiseliv vert særleg vektlagt.

Lokalsamfunnsutvikling på ein slik måte at det er mogleg å byggja og bu i bygdene for alle generasjonar, samstundes med særleg satsing på tettstadsutvikling.

Lokal handel
For å få til utvikling av tettstader er mulegheit til å handla lokalt viktig. I Hjelmeland er me så heldige at me har lokale butikkar i mange bygder.  I tråd med kommuneplanen har me no avtalar med mange lokale butikkar når det gjeld kjøp til våre skular og barnehagar. Avtalane er gjort etter  konkurranser i tråd med regelverk for offentlege innkjøp.

Dei grunnleggande rammene for utvikling som er definert i kommuneplanen er anten fokusområde som kommunestyre har valt sjølvstendig, eller for å koma føringar frå sentrale myndigheiter i møte. 
Det er svært viktig for Hjelmeland å halda folketalet på dagens nivå, eller aller helst auke folketalet. Det er mange tilhøve som er viktig for at unge menneske skal velja å busette seg i kommunen. God tilbod innafor barnhage og skule er svært viktig. Forskning viser og at kulturtilbod og møteplassar er viktige. Rådmannen ynskjer difor å halda på skolestrukturen og ha barnehagar der folk bur. Særleg er dette viktig no når Ryfast opnar. Gode buområde med aktive bygder vil være ei viktig satsing i perioden. I dette næringsutvikling er viktig slik at ein kan bu og arbeida i kommunen.
 

3.3.2 Ryfast

Opninga av ferjefri veg til Stavanger og Nord– Jæren vil være svært viktig for Ryfylke. Me vil være nærare Stavanger sentrum enn mange av innbyggarane i den nye bykommunen. Vegen er viktig for at Hjelmeland kommune kan nå måla i kommuneplana.  

Klikk for stort bilete 

3.3.3 Hjelmeland med Ryfast

Kommunestyret har vedtatt å etablera prosjektet Hjelmeland med Ryfast.  Målet med prosjektet er å sikre aktivitet i tråd med satsingane i kommuneplanen. Slik kan kanskje eit betre namn på prosjektet vera «Hjelmeland naturlegvis». Prosjektet skal gå over to år frå og med november 2019. Prosjektets mål er fleire i Hjelmeland. Dette skal skje gjennom auka marknadsføring av våre fortrinn, for å få dette til er det viktig at vi får til ei breiare innbyggarinvolvering  slik me fekk til i samband med arbeidet med kommuneplanen. 
 

3.3.4 Særlege utviklingsområde i budsjettperioden

3.3.4.1 Vågen 360
«Vågastovå» har eit potensiale som rådmannen ynskjer å utvikla. I budsjettet for 2019 ville me tilretteleggja for «meirope» bibliotek.  Dette arbeidet er godt i gang og blir avslutta i 2020. Vidare arbeid med Vågen 360 prosjektet og samarbeid med frivillige vil være viktig for å få til fleire uformelle møteplassar i eit attraktivt sentrum. Eit eksempel på slike tiltak er frivillig kafe kvar onsdag.  

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

3.3.4.2. Næringsarbeid 
Me har no ei stilling som er knytt til næringarbeid. Pågangen syner at det har vore eit rett grep som vil fortsetta.  Arbeid med strategisk næringsplan er ikkje gjort. Me ser per dato at det me har trong om er ein konkret strategi for næringsarbeidet i kommunen. Denne strategien vil bli utforma i løpet av 2020. Strategien skal bygge på «Greater Stavanger» sin strategiske næringsplan.

3.3.4.3 Frivillig arbeid
Vedteken kommuneplan fokuserer på frivillig arbeid.  Det er utarbeida ein såkalla «frivillig politikk» , gjennomføring av denne må gjerast innafor gjeldande rammer og bemanning.

Frivillig arbeid vil være eit viktig supplement til det kommunale tenestetilbodet. På nokre område er det dei frivillige som står for mykje av tilbodet. Dette gjeld mellom anna tilbodet innan  idrett og friluftsliv.

3.3.4.4  Beredskap
2019 har vist at me  er sårbare. Me bruker og store ressursar på beredskap ved store nedbørsmengder.  Fleire brannar i det siste viser og at vi er sårbare. Me har no inngått avtale med Rogaland Brann og redning om førebyggande arbeid, og feiing.  Me har så langt ikkje blitt invitert formelt inn i samarbeidet.  Det er lagt inn midlar til noko utstyr når det gjeld brann og materiell til bruk ved flom.

Rådmannen kjem tilbake med sak om beredskap i løpet av våren, dette fordi beredskapsplanen skal rullerast.   Me ber no einingane rapportera på tiltak innan beredskap, og brannførebygging. Det er intensivert opplæring i 1. hjelp.

Beredskapsråd
I 2020 foreslår rådmannen at det etableras eit beredskapsråd. Dette rådet skal ha deltakarar frå alle aktuelle samarbeidspartar i kommunen og regionale etatar som det er naturleg å samarbeida med.  

3.3.3.5 Effektivisera, digitalisera 
Hjelmeland kommune har oppretta stilling innan digitalisering i 70%. Dette har ført til auka fokus og nye tiltak. Digital teknologi eller «smart teknologi» er svært viktig i offentlig verksemd.  Rådmannen ynskjer å fortsetta arbeidet med velferdsteknologi kor me nå er med i eit prosjekt leia av Sola kommune og for vår del i tett samarbeid med Strand. I tillegg arbeider me no i RITS med å gjera organisasjonen betre rusta til å arbeide med digitalisering. Målet er å nytte gjeldande ressursar, men stillinga som leiar av RITS vert foreslått oppjustert til 100% stilling.

Digitalisering er eit område kor Hjelmeland har satsa og vil satsa i framtida. Hjelmeland er med i fleire større prosjekter når det gjeld digitalisering. På vegne av RITS kommunane har  me plass både i styringsgruppa og arbeidsgruppa i DIGI Rogaland som er leia av Stavanger. Vi legg Digi Rogaland sin digitaliseringsstrategi til grunn for vårt arbeid lokalt og i RITS:  Konkret vil me fortsetta arbeidet med auka bruk av digitale hjelpemiddel. System for, utlån av bøker, sentralbord og deler av informasjonstilbodet vil bli vidareutvikla.  Dei fleste som henvender seg til kommunen vil oppleva ein digital førstekontakt. Me nærmar oss kommune 24/7.

I Helse og omsorg er det planlagt eit arbeid for å effektivisera med samordning av tenester og funksjonar, i første rekke mellom omsorgssentra når det gjeld ressursstyring. Vi vil følgja med på prosjektet DIGI—helsestasjon . Det er skaffa programvare for turnus og ressursstyring i helse og omsorg.

Vidare er det gjort eit stort arbeid med digitaliseringa av skjema som innbyggarane og medarbeidarar kan nytta. Me har starta opp med eit lågterskeltilbod om opplæring til dei som treng det. Dette er eit samarbeid mellom aktuelle næringsdrivande, frivillige og kommunen. Prosjektet er Hjelmeland si satsing i prosjektet Samarbeid om digital kompetanse.

«Digitalisering» I skulen vil er svært viktig framover. Alle elevar har no fått eige læringsbrett, Ipad. I 2020 vil me fortsetta kompetanseheving og pedagogisk utviklingsarbeid.
Den digitale utviklinga krev ressursar, det er lagt inn midlar til auka drift når det gjeld IT og satsing på digitale løysingar. 

Effektivisera 
Leiarutviklingsprogrammet som vi har gjennomført saman med KS– konsulent er no avslutta.

Dette gjer at me kan starta eit meir målretta arbeid med effektivisering. Effektivisering er og vil være tema  i råmannen si leiargruppe kvar veke.  I 2020 vil dette gjelde alle leiarmøte i kommunen. Me har som mål å få på plass pilotar som arbeider med målretta effektivisering. Imidlertid vil rådmannen advara mot å tru at me kan effektivisera drifta slik at me ikkje treng folk. Det er snakk om å forbetra kvalitet og gjera oppgåver pålagt av sentral mynde og kommunestyret utan å tilsetta fleire medarbeidarar.