Vedtatt budsjett og økonomiplan 2020-2023

  1. 1 Vedtak budsjett 2019
  2. 2 Bakgrunn og føringar
    1. 2.1 Eigedomsskatt og kraftskatt
    2. 2.2 Særlege mål i budsjettperioden
    3. 2.3 Økonomiske mål og føresetnadar
      1. 2.3.1 Økonomiske mål og føresetnadar
      2. 2.3.2 Eigedomsskatt
      3. 2.3.3 Gjeld
      4. 2.3.4 Sal av kommunale eigedomar
      5. 2.3.5 Total ramme for budsjettet
    4. 2.4 Statsbudsjettet for 2020
      1. 2.4.1 Satsingsområde i statsbudsjettet
      2. 2.4.2 Statsbudsjettet, tal for Hjelmeland
  3. 3 Mål for drifta
    1. 3.1 Kommunalt plansystem
    2. 3.2 Hjelmeland kommune, organisasjon
      1. 3.2.1 Politisk organisasjon
      2. 3.2.2 Administrativ organisasjon, organisasjonskart
      3. 3.2.3 Endringar i organisasjonen
    3. 3.3 Visjon mål og prioriteringar
      1. 3.3.1 Overordna mål i kommuneplanen
      2. 3.3.2 Ryfast
      3. 3.3.3 Hjelmeland med Ryfast
      4. 3.3.4 Særlege utviklingsområde i budsjettperioden
  4. 4 Økonomi og trendar
    1. 4.1 Utvikling i folketalet
      1. 4.1.1 Prognosar utvikling i innbyggartalet
      2. 4.1.2 Kommentarar til prognosane
    2. 4.2 Utvikling i netto driftsresultat
  5. 5 Budsjett og rammer for 2020-2023
    1. 5.1 Hovedoversikt drift
      1. 5.1.1 Inntekter og utgifter. Budsjetttskjema 1a
      2. 5.1.2 Rammer per ansvar. Budsjettskjema 1b
      3. 5.1.3 Budsjett per hovudområde
      4. 5.1.4 Bevillingsoversikt
      5. 5.1.5 Driftsoversikt hovudpostar
      6. 5.1.6 Endringar i sentrale kostraområde
      7. 5.1.7 Oversikt hovudpostar /syner kva som må dekkast inn)
  6. 6 VAR
    1. 6.1 Forventa utvikling i VAR kostnadar
    2. 6.2 Grunnlag for VAR-gebyrer
  7. 7 Nye tiltak som er med i budsjettet
    1. 7.1 Nye tiltak
      1. 7.1.1 Stabar
      2. 7.1.2 Oppvekst
      3. 7.1.3 Helse
      4. 7.1.4 Bygg og anlegg
      5. 7.1.5 Vatn og avlaup
    2. 7.2 Kutt eller ekstra inntening
      1. 7.2.1 Skatt og finans
      2. 7.2.2 Rådmannen
      3. 7.2.3 Oppvekst
    3. 7.3 Ønska tiltak som rådmannen ikkje finn rom for å imøtekoma
  8. 8 Fond, avsetning og bruk
    1. 8.1 Avsetning fond
    2. 8.2 Bruk av fond
  9. 9 Lån og gjeldsgrad
    1. 9.1 Gjeldsgrad
    2. 9.2 Låneopptak i perioden
  10. 10 Nøkkeltal frå Kostra
    1. 10.1 Nøkkeltal Plan, forvaltning, landbruk, næring
    2. 10.2 Nøkkeltal Bygg- og anlegg
    3. 10.3 Nøkkeltal Helse og omsorg
    4. 10.4 Nøkkeltal Kultur og kulturskule
    5. 10.5 Nøkkeltal Oppvekst
  11. 11 Budsjettkommentarar frå einingane
    1. 11.1 Stabar
      1. 11.1.1 Politisk styring
      2. 11.1.2 Rådmannen, arkiv, informasjon, digitalisering, SLT, jus, bustad, GDPR, Prosjektleiar
      3. 11.1.3 Kundesenter
      4. 11.1.4 Fagområdet lønn og personal
      5. 11.1.5 IKT
      6. 11.1.6 Økonomi
      7. 11.1.7 Plan og forvaltning
      8. 11.1.8 Bygg og anlegg
      9. 11.1.9 Kultur
    2. 11.2 Helse og omsorg
      1. 11.2.1 Helse og omsorg overordna
      2. 11.2.2 Helse
      3. 11.2.3 Årdal omsorgssenter
      4. 11.2.4 Hjelmeland omsorgssenter
      5. 11.2.5 NAV
      6. 11.2.6 Barnevernstenesta
  12. 12 Oppvekst
    1. 12.1 Oppvekst overordna
    2. 12.2 Kulturskulen
    3. 12.3 Vaksenopplæring
    4. 12.4 Årdal skule
    5. 12.5 Fister skule
    6. 12.6 Hjelmeland skule
    7. 12.7 Fister og Jøsenfjorden barnehagar
    8. 12.8 Hjelmeland barnehage
    9. 12.9 Årdal barnehage
  13. 13 Investeringar
    1. 13.1 Vedtatte investeringar 2020-2023

4 Økonomi og trendar

4.1 Utvikling i folketalet

Diagramma syner at det antas at folketalet vil gå noko ned for kvart år framover. Hjelmeland hadde ein liten oppgang i 2017, men er pr oktober 2019 tilbake til om lag inngangstal til. Frå 01.01 2020 går om lag 75 innbyggjarar på Ombo over til Stavanger. Det utgjer ein del i høve til rammetilskot og skatt. Det er ei utfordring at talet på   dei som er 26- 65 går nedover. Når me og samstundes ser at talet på dei som er 66 år og meir stig, så er det heilt innlysande at det vil vera knappe resssursar til å takla eldrebølgja som kjem nærare for kvart år. Dei som er arbeidsføre og betaler skatt av løna arbeid vert færre medan dei som betaler skatt av pensjonsytingar og har meir trong for omsorgstenester stig.

I høve til desse prognosane kan det sjå ut som om Hjelmeland kommune bør vri meir ressursar over på omsorg. Samstundes så vil det vera viktig å ha gode oppveksttilbod om me skal kunne få til auka busetting. Noko som igjen vil løyse utfordringane med arbeidskraft innan helse og omsorg og kommunen sin økonomi. Som nemnd tidlegare kan bruk av velferdsteknologi og andre digitale hjelpemiddel i tenestene, kunne løyse nokre av utfordringane. Naudsynt reduksjon i talet på tilsette samstundes som nivå og kvalitet på tenestene framleis må være av god kvalitet gjer at utfordringane til politiske og administratiive leiarar i kommunen vert store. I budsjettet ser me ei dreining mot at me nyttar noko meire ressursar på omsorg, og reduserer noko i oppvekst.

Klikk for stort bilete 


 

4.1.1 Prognosar utvikling i innbyggartalet

Klikk for stort bilete 

4.1.2 Kommentarar til prognosane

Fallande grafar er i grunnen lette og tolke, men desse prognosane tek ikkje høgd for endringar i infrastruktur. Slik har ein altså ikkje tatt høgd for at Ryfast-sambandet vil gjera ein forskjell med tanke på auka busetting. SSB driv heller ikkje med trendforsking eller trendmålingar. Framskrivingane  frå SSB bygger på utviklinga i statistikkane over tid.  Samstundes er det slik at Ryfast kan få ein positiv verknad på busettinga i Hjelmeland.

Også når det gjeld trendar så kan det sjå ut som om det kan gå litt meir Hjelmeland sin veg. Det er fleire som ynskjer å bu meir desentralisert. Mange som har fritidsbustad i Hjelmeland nytter meir og meir av tida si her. Dette  kan væra ein muligheit for Hjelmeland, no når reisetida til Stavanger og Nord– Jæren vert kraftig redusert. Trendar og muligheiter er ikkje rekna inn i  Statistisk sentralbyrå sine framskrivingar.

Uansett syner framskrivinga at me vil få ein vekst når det gjeld eldre innbyggjarar. Det er eit faktum som Hjelmeland kommune må bu seg på.  Årets budsjett syner ei dreining mot omsorg. Samtidig må me nytta muligheitene til å  arbeide for å få ein vekst når det gjeld yngre innbyggjarar.

4.2 Utvikling i netto driftsresultat

 Netto driftsresultat er ein viktig faktor for å analysera kommunenes økonomi. Tidlegare har me nemnd at teknisk be- rekningsutval gir råd om 1,7% netto driftsresultat. Kommunelova krev nå at kommunen skal ha eit mål om netto driftsresultat. Som nevnt tidlegare så har rådmannen valgt å sjå på ein modell frå Telemarksforskning. 2020 blir eit unntaksår i høve til eit stort bidrag til Helgøy bru. Dette vil påføra eit negativt driftsresultat i 2020.

Klikk for stort bilete 
I 2020 vil rådmannen nytta tida til å analysera nye moglegheiter for å betra utsikten frå 2021. Tabellen syner kun til og med 2022. Foreløpig vil 2023, siste året av ny periode, syna heilt likt 2022. Ei anna årsak til at det ikkje legges opp til større driftsresultat i 2021 er at det er mange usikre kort i høve til overføring av Ombo til Stavanger. Det er mange uavklarte saker kor Hjelmeland vurderer krav om kompensasjon. Vi håper dette vil bli avklart i 2020. Det er også uavklarte saker i høve til andre offentlege etatar.

Om me i tillegg skal snu bruken av kraftfondet ser rådmannen at dette vert vanskelig utan ei markert auke i inntekter. Slik rådmannen ser det må me gjennomføra relativt store reduksjonar på kostnadssida for å unngå bruk av kraftfondet i drifta.Det er fleire endringar i grunnlaget for eigedomsskatt. Me har tidlegare foretatt ei justring i høve til verk og bruk og produksjonsutstyr, no må vi og trekkje frå 30% av grunnlaget som blir nytta til bustad og fritid.

Hjelmeland gjennomfører no ny hovudtaksering, me veit ikkje korleis resulatet av denne takseringa vil slå ut før i mars 2020. Foreløpige estimat gir ein indikasjon på at nye takstar og reduksjonsfaktor på 30% vil jemne ut kvarandre, difor gjer me ikkje endringar i eigedomsskatten nå, men kjem tilbake til dette i 1.tertial.  Den endringa som er foretatt er ei auke i overføringar frå Suldal til Hjelmeland i høve til Suldalsavtalen.

Klikk for stort bilete