Vedtatt budsjett og økonomiplan 2020-2023

  1. 1 Vedtak budsjett 2019
  2. 2 Bakgrunn og føringar
    1. 2.1 Eigedomsskatt og kraftskatt
    2. 2.2 Særlege mål i budsjettperioden
    3. 2.3 Økonomiske mål og føresetnadar
      1. 2.3.1 Økonomiske mål og føresetnadar
      2. 2.3.2 Eigedomsskatt
      3. 2.3.3 Gjeld
      4. 2.3.4 Sal av kommunale eigedomar
      5. 2.3.5 Total ramme for budsjettet
    4. 2.4 Statsbudsjettet for 2020
      1. 2.4.1 Satsingsområde i statsbudsjettet
      2. 2.4.2 Statsbudsjettet, tal for Hjelmeland
  3. 3 Mål for drifta
    1. 3.1 Kommunalt plansystem
    2. 3.2 Hjelmeland kommune, organisasjon
      1. 3.2.1 Politisk organisasjon
      2. 3.2.2 Administrativ organisasjon, organisasjonskart
      3. 3.2.3 Endringar i organisasjonen
    3. 3.3 Visjon mål og prioriteringar
      1. 3.3.1 Overordna mål i kommuneplanen
      2. 3.3.2 Ryfast
      3. 3.3.3 Hjelmeland med Ryfast
      4. 3.3.4 Særlege utviklingsområde i budsjettperioden
  4. 4 Økonomi og trendar
    1. 4.1 Utvikling i folketalet
      1. 4.1.1 Prognosar utvikling i innbyggartalet
      2. 4.1.2 Kommentarar til prognosane
    2. 4.2 Utvikling i netto driftsresultat
  5. 5 Budsjett og rammer for 2020-2023
    1. 5.1 Hovedoversikt drift
      1. 5.1.1 Inntekter og utgifter. Budsjetttskjema 1a
      2. 5.1.2 Rammer per ansvar. Budsjettskjema 1b
      3. 5.1.3 Budsjett per hovudområde
      4. 5.1.4 Bevillingsoversikt
      5. 5.1.5 Driftsoversikt hovudpostar
      6. 5.1.6 Endringar i sentrale kostraområde
      7. 5.1.7 Oversikt hovudpostar /syner kva som må dekkast inn)
  6. 6 VAR
    1. 6.1 Forventa utvikling i VAR kostnadar
    2. 6.2 Grunnlag for VAR-gebyrer
  7. 7 Nye tiltak som er med i budsjettet
    1. 7.1 Nye tiltak
      1. 7.1.1 Stabar
      2. 7.1.2 Oppvekst
      3. 7.1.3 Helse
      4. 7.1.4 Bygg og anlegg
      5. 7.1.5 Vatn og avlaup
    2. 7.2 Kutt eller ekstra inntening
      1. 7.2.1 Skatt og finans
      2. 7.2.2 Rådmannen
      3. 7.2.3 Oppvekst
    3. 7.3 Ønska tiltak som rådmannen ikkje finn rom for å imøtekoma
  8. 8 Fond, avsetning og bruk
    1. 8.1 Avsetning fond
    2. 8.2 Bruk av fond
  9. 9 Lån og gjeldsgrad
    1. 9.1 Gjeldsgrad
    2. 9.2 Låneopptak i perioden
  10. 10 Nøkkeltal frå Kostra
    1. 10.1 Nøkkeltal Plan, forvaltning, landbruk, næring
    2. 10.2 Nøkkeltal Bygg- og anlegg
    3. 10.3 Nøkkeltal Helse og omsorg
    4. 10.4 Nøkkeltal Kultur og kulturskule
    5. 10.5 Nøkkeltal Oppvekst
  11. 11 Budsjettkommentarar frå einingane
    1. 11.1 Stabar
      1. 11.1.1 Politisk styring
      2. 11.1.2 Rådmannen, arkiv, informasjon, digitalisering, SLT, jus, bustad, GDPR, Prosjektleiar
      3. 11.1.3 Kundesenter
      4. 11.1.4 Fagområdet lønn og personal
      5. 11.1.5 IKT
      6. 11.1.6 Økonomi
      7. 11.1.7 Plan og forvaltning
      8. 11.1.8 Bygg og anlegg
      9. 11.1.9 Kultur
    2. 11.2 Helse og omsorg
      1. 11.2.1 Helse og omsorg overordna
      2. 11.2.2 Helse
      3. 11.2.3 Årdal omsorgssenter
      4. 11.2.4 Hjelmeland omsorgssenter
      5. 11.2.5 NAV
      6. 11.2.6 Barnevernstenesta
  12. 12 Oppvekst
    1. 12.1 Oppvekst overordna
    2. 12.2 Kulturskulen
    3. 12.3 Vaksenopplæring
    4. 12.4 Årdal skule
    5. 12.5 Fister skule
    6. 12.6 Hjelmeland skule
    7. 12.7 Fister og Jøsenfjorden barnehagar
    8. 12.8 Hjelmeland barnehage
    9. 12.9 Årdal barnehage
  13. 13 Investeringar
    1. 13.1 Vedtatte investeringar 2020-2023

1 Vedtak budsjett 2019

  1. Det kommunale skattøyret skal vere høgast lovlege sats for alle grupperingar, for 2020. Formueskatten vert rekna etter høgaste sats. Naturressursskatt vert rekna  etter høgaste sats.
     
  2. Hjelmeland kommunestyre vedtek investeringsbudsjett for 2020, jf. tabell over investeringstiltak i rådmannens utkast til budsjett, kap.12 s. 55 .med følgjande endringar:

Reduksjonar: 

  • Aktivitetspark pkt 28 kr. 300 000,- ,
  • Punkt 72 kommunal bustad kr. 150 000,-

Totalt kr. 450 000,-

 Auke i investeringar: 

  • Nytt pkt. Hjelmeland Naturlegvis kr. 1 000 000,- .
  • Nytt pkt. Gatelys Mælevegen kr. 2 000 000,-. 
  • Nytt pkt.  Brannbil i  Årdal 6 000 000,-  

Totalt: kr. 9 000 000,-   NB! Endringane er innarbeidd i budsjettet

3. Hjelmeland kommunestyre vedtek driftsbudsjett for 2020 slik det går fram av rådmannens utkast til budsjett. Kap 5.1, "Budsjettskjema 1A» kap. 5.1.2 s.15 og «budsjettskjema 1B» kap. 5.1.3 s. 16 ., med følgjande endringar: 

 Auke i inntekt/ innsparing:

  • Reduksjon budsjett barnehage uspesifisert 
  • Auke inntekt eigedomsskatt ved å fjerne botnfrådrag  dette skal dekka desse auka utgiftene:  

 Auke i  utgifter: 

  • Opprustning leikeplassar utanfor skule og barnehage  100 000   
  • Auke pott  Frivilligfondet 200 000   
  • Reduksjon inntekt barnehagegebyr kr. 200 000,- 

4. Rådmannen får fullmakt til å fordele netto budsjettramme i «Budsjettskjema 1B» på dei ulike KOSTRA-artane.

5.  Nettorammene er bindande for rådmannens disponering av budsjett.

6. I medhald av eigedomsskattelova §1 og § 3 skal følgjande utskrivningsalternativ nyttast for skatteåret 2020 :

Utskrivingsområde: 
Utskriving av eigedomsskatt i heile kommunen, etter lov om eigedomsskatt til kommunane (esktl) § 3,  1. ledd   bokstav a .

Promillesats:
Den alminnelige skattesatsen for skattepliktige eigedomar er 7 promille, jfr esktl § 11, 1. ledd. Skattesatsane vert  differensiert med heimel i esktl § 12 bokstav a. Skattesats for bustaddel i eigedomar med sjølvstendige bustaddelar  og fritidsbustader, inkl. bustad- og fritidstomter får eigen sats på 2 promille for skatteåret 2020. Eigedomsskattesats  for næringseigedomar inkl. næringstomter, oppdrettsanlegg og næringsdel ved blanda bruk, samt energianlegg er   7 promille.

Overgangsregel til §§ 3 og 4: 
Kommunen vil frå 2020 i tillegg til utskriving etter § 3, 1 ledd bokstav a nytte overgangsregel for utskriving av takst  på særskilte skattegrunnlag ( tidl. produksjonsutstyr for verk og bruk frå 2018 og produksjonsinnstallasjonar på verk  og bruk som tener produksjonen). Takst for særskilt skattegrunnlag frå skatteåret 2018 vert redusert med 2/7 for  skatteåret 2020.

Botnfrådrag :  
For bustaddel av eigedomar (herunder fritidseigedomar) som fyller vilkår om sjølvstendige bustaddelar, gjeld eit  botnfrådrag på 100 000 kroner som vert trekt frå i taktstgrunnlaget, jfr esktl § 11, 2. ledd.

Takstvedtekter : 
Takseringa er i samsvar med gjeldande vedtekter for eigedomsskatt, vedtekne i kommunestyret. 

Takstgrunnlag:
Kommunestyret gjer vedtak om alminnelig taksering for utskriving av eigedomsskatt for skatteåret 2020. Utskrivinga  er basert på Hjelmeland kommune sine nye retningslinjer for taksering etter lov om eigedomskatt. 
 
Fritak:   
I medhald av esktl § 7, bokstav a kan ein unnta eigedom eller bygg eigd av stiftelsar og institusjonar som tek sikte på å gavna kommunen, fylket eller staten. Sakkunnig nemnd tilrår fritak til kulturbygg og anlegg som idrettsanlegg, samfunnshus, bedehus, mv.  jfr.vedlagt liste med tilråding frå sakkunnig nemnd. 

I medhald av esktl § 7 bokstav b kan ein frita eigedom som har historisk verdi heilt eller delvis for eigedomsskatt.  Sakkunnig nemnd tilrår at freda bygg og verneverdige bygg i klasse A og B (sefrak A og B) får fritak frå eigedomsskatt, jfr vedlagt liste.

Liste over lovhjemla fritak etter esktl §5 for 2020 vert oppjustert for endringar til og med 31.12.2019, vert vedtatt   av sakkunnig nemnd for eigedomsskatt og vert utlagt som del av eigedomsskatteliste for 2020.

Betaling:  
Eiendomsskatten skal betalast i fire terminar; med forfall (20.04, 20.06, 20.10 og 20.12) i skatteåret. 
Fleksibel fakturering vert innført i 2020. Kundane kan som alternativ til 4 terminar velge å motta faktura for kommunale avgifter for eigedomsskatt/vatn/avlaup i 1 termin med forfall 20.04 eller i 2 terminar med forfall 20.04 og   20.12.

7.  Kommunale gebyr- og betalingssatsar vert vedtekne i eiga sak, jf. sak

8.  Ordførargodtgjersla for året 2020 vert tilsvarande 100% stilling, og vert sett til 90% av godtgjersle for stortingsrepresentant per 1. mai 2019, avrunda til kr. 889.200. Andre godtgjersler til folkevalde tek utgangspunkt i ordførargodtgjersla i samsvar med vedteke reglement for godtgjersle til folkevalde, jf. sak 081/19

9. Det vert teke atterhald om endringar for årsbudsjettet dersom premissane i endeleg statsbudsjett gjer dette    naudsynt.

11. Rådmannen skal vurdera alle stillingar som vert ledige i løpet av året for å sjå om dei treng å erstattast.

10.  Kommunestyret forventar at rådmannen legg fram månadleg oversikt over utviklinga i kommuneøkonomien    samanlikna med budsjett med forslag til budsjettjusteringer gjennom heile året, og at rådmannen legg fram for    kommunestyret tertialrapport (per 30. april og 31. august).  

Verbalpunkt:
12.  KLIMAPLAN Noreg har underteikna Parisavtalen, og Noreg sine mål og forpliktingar er nedfelde i klimaloven. Den   seier at Noreg innan 2030 skal redusera sine utslepp av klimagassar med minst 40% (frå referansenivå i 1990). Den seier og at Noreg i 2050 skal vera eit lavutsleppsamfunn som har redusert sitt utslepp av klimagassar med 80  -95%. Det hastar difor med at Hjelmeland skal utarbeida ein klimaplan. Planen skal vera eit overordna styringsdokument som skal visa korleis Hjelmeland kan nå måla i klimalova og ta del i den grøne omstillinga. Planen skal   inneholda konkrete mål, prioriterte tiltak, tidsrammer, handlingsplan og finansiering av tiltaka. Planen skal synleggjera utslepp og aktuelle tiltak for utsleppsreduksjon for både kommunen sjølv, bedrifter og private hushaldningar.
 
13. BUSETJING AV FLYKTNINGAR Hjelmeland kommune tek kontakt med IMDi rett over nyttår og ber om å få busetje   flyktningar i 2020. Vi har busett flyktningar i 18 år samanhengande, og bygd opp eit apparat til dette, både når det gjeld kompetanse og husvære. Det vil vere dumt å avvikle dette no, når ein ikkje veit korleis behovet vil vere framover. Samstundes er Hjelmeland ei god kommune å bu i, og vi har plass for fleire.

14.  DEKKING AV INTERNETT FOR LÅGINNTEKTSFAMILIER Utgifter til internettabonnement skal vurderast som ei godkjent utgift utanfor norm ved utmåling av sosialstønad. Det inneber at faktiske utgifter til internett skal dekkast i sosialstønad. Det inneber at faktiske utgifter til internett skal dekkast i tillegg til gjeldande sosialhjelpssatsar på lik linje med straum og husleige.

15.  FRITIDSTILBOD Frivilligsentralen får i oppgåve å samle ulike aktørar for å få til eit opplegg for barn og unge på    Hjelmeland i etter skuletid. Dette for at dei som kjem med buss frå Årdal og Fister, eller som høyrer heime i ei av dei andre bygdene i og utanom sentrum skal ha ein plass å opphalde seg denne tida. Må ha moglegheit til å kunne gjere lekse. Det er ein føresetnad at ein får med seg frivillige lag og organisasjonar og ungdomsrådet i dette arbeidet. Ein bør også forsøke å få med FAU/SU i planlegginga. 
  
16.  GRAVPLASSDRIFT Rådmannen utgreier moglegheitene for å slå saman vedlikehald og stell av gravplassar med    teknisk drift. Dette er i utgangspunktet eit kommunalt ansvar, og vanleg i mange kommuner. Vi ynskjer ei vurdering av økonomi, effektivisering og eventuelt moglegheiter for å auke opp vaktmeisterstaben i teknisk drift ved ei slik løysing. Føresetnad at stell av gravplassar skal haldast på dagens nivå.

17.  Vurdering av konsekvensar for barn og unge må vektleggast meir i kommunal saksførebuing. 

18.  Kommunane står foran store utfordringar i helse- og omsorgssektoren, og dette gjeld i høgaste grad også Hjelmeland. Nedgang i folketal, ein stadig eldre befolkning og fleire og tyngre oppgåver til kommunane krev ein målretta strategi i denne sektoren. Hjelmeland har ei rekkje flinke fagfolk, ei dyktig leiing og gode fasiliteter innan helse og omsorg, men store utfordringar med rekruttering av kompetent arbeidskraft og høge driftsutgifter. Det   bør difor i 2020 jobbast tett mellom folkevalde og administrasjon for å komma fram til ei organisering av drifta,    med utgangspunkt i dagens hovudstruktur, som gjer oss rusta til å løysa utfordringane framover. Målet er at me   kan nytta arbeidskraft, bygg og økonomiske ressursar på ein best mulig måte. Kommunestyret legg til grunn at det i 1. halvår av 2020 vert halde eit temamøte, der kommunesjef helse/omsorg presenterer sektoren og utfordringar framover. Føremålet er å avklara vidare handling både på administrativt og politisk nivå Hjelmeland skal ha ein helse- og omsorgssektor som gir innbyggjarane gode tenester og er ein trygg, attraktiv arbeidsplass innanfor kommunen sine økonomiske rammer.

19.  FLEIRE MED Rådmannen set i gang eit prosjekt som har som mål å inkludera fleire i arbeidslivet. Mellom anna skal   Hjelmeland bli ein «Heilt med»-kommune, som jobbar for å inkludera menneske med utviklingshemming i det ordinære arbeidslivet. Ein skal òg legga til rette for at menneske med restarbeidsevne får tilrettelagde arbeidsoppgåver som kan bidra til å skapa meir trivsel og attraktivitet i Hjelmeland. Prosjektet skal drivast i samarbeid med Frivilligsentralen, Nav og råd for menneske med nedsett funksjonsevne.
 
20.  SKULELUNSJ Rådmannen skal i samarbeid med Frivilligsentralen setja i gang eit prøveprosjekt med mål om å tilby gratis skulelunsj på Hjelmeland ungdomsskule i skuleåret 2020/2021, éin eller fleire dagar i veka. I drifta av prosjektet skal ein prøva å inkludera frivillige pensjonistar, menneske med nedsett funksjonsevne og menneske med   restarbeidsevne som har behov for tilrettelagt arbeid. Samtidig skal ein forsøka å få i stand avtalar med lokale næringsdrivande om å motta matvarer som elles ville blitt kasta grunna brekkasje eller kort haldbarheit.

21.  NATURBARNEHAGAR Rådmannen orienterer i løpet av første kvartal 2020 om kva som må til for å oppretta naturbarnehage-avdelingar i Årdal, Fister og Hjelmeland barnehagar, slik at kommunestyret kan ta stilling til dette i samband med behandlinga av tertialrapporten i juni 2020.

22.  KLOKKARJORDET FISTER Hjelmeland kommune skiftar ut gatelysa og sett opp nye der desse er vekke i Klokkarjordet. Dette er en liten kostnad, men likefullt viktig for dei som bur i Klokkarjordet. Midler til dette blir prioritert   av bygg og anleggssektoren.
 
23.  EIKEHAUGEN  Kva skjedde med Eikehaugen og videre utbygging her? Dette er eit felt kommunen eig mykje av  arealet som er tenkt til tomter. Men desse ligg ikkje inne som ledige tomter på kommunens heimesider. For å møta eventuell vekst i samband med Hjelmeland naturlegvis ber ein administrasjonen om kostnad for veg og kva tomter som kan vera attraktive for nye unge innbyggjarar. Det er også private grunneigarar som vil ha litt fortgang i dette prosjektet.

24.  BRANNTRYGGLEIK Det vert sett på branntryggleiken i heile kommunen, med særskilt fokus på øyer og utkantstrok som ikkje har eigen brannstasjon. Rådmannen legg fram ei sak i 2020, med eventuelle forslag til tiltak der ein ser det er behov for betring. 

25.  BYGGTEKNISK RAPPORT Rådmannen bes komme tilbake med ein ny rapport basert på vurdering av den kommunale bygningsmassens tilstand og vedlikeholdsbehovet.

26.  KLIMAFOND I samband med årsoppgjeret for 2019 blir kr 1.000.000,- flytta frå disposisjonsfond 2.56 til eit nytt  bunde drifts- og investeringsfond – Klimafondet. Fondet skal brukast til utarbeiding og realisering av klimaplanen (vedtatt i eige verbalpunkt). 

27.  STRØYMING AV POLITISKE MØTE I samband med oppgradering av AV-utstyr i kommunestyresalen, skal alle møte i kommunestyret og formannskapet strøymast og lagrast på kommunen sine strøymetenester.