2 Bakgrunn og føringar
Kommunelova § 44, 45 og 46 fortel kva ei økonomiplan og eit årsbudsjett i ein kommune skal innehalda. Formannskapet har fått informasjon om budsjettet i ei foreløpig rammesak 53/18 om økonomiske rammer for 2019 og eit temamøte om budsjettet i formannskapet 2.10.2018.
Bakgrunn og grunnlag for arbeidet med budsjett 2020 er vedteke budsjett for 2019, med konsekvensjusteringar og vedtekne budsjettendringar. Vedteken økonomiplan 2019 – 2022 og kommuneopplegget i statsbudsjett for 2020. Formannskapet har gitt føringar på at utkast til budsjett skal baserast på rammebudsjettering for dei ulike tenesteområda.
2.1 Eigedomsskatt og kraftskatt
I statsbudsjettet er det føreslått ei endring som kan få store konsekvensar for Hjelmeland kommune. I årets budsjett er det tatt høgd for konsekvensane i Hjelmeland. Per dato har kraftskatteutvalet levert ei tilråding som kan få svært store konsekvensar for Hjelmeland kommune. Opp mot 38 millionar kroner i tapte inntekter på kraftverka vår er konsekvensen om utvalet si innstilling vert gjennomført. Dette er nok lite truleg, men innstillinga kan føre til endringar i kraftskatteregimet som kan ramma oss. Hjelmeland kommune er totalt avhengig av kraftinntekter for å halda tenestetilbodet på nivå med i dag.
2.2.1 Satsingsområde i statsbudsjettet
Statsbudsjettet for 2020 vart lagt fram den 7. oktober 2019. Følgjande område er vektlagt i budsjettet: • Berekraftig velferdssamfunn • Offensiv klimapolitikk • Sosial bærekraft og moglegheiter for alle • Tryggleik. Statsbudsjettet har ulike «kommunale» hovudprioriteringar for dei ulike departementa:
Kunnskapsdepartementet
Vil sikra tidleg innsats i skule og barnehage. Ved bemanningsnorm, og ved kompetanseheving. To-åringar frå familiar med låg inntekt vert inkludert i ordninga med gratis kjernetid (Starta hausten 2019). Frå 2020 føreslår ein å redusera foreldrebetalinga i SFO på 1. og 2. årstrinn. Regjeringa vil også sikra gratis SFO til elevar på 5.-7. trinn som har særlege behov. Det er føreslått at 250 mill. til læremidlar. Kompetanseutvikling er eit stort satsingsområde. 1,5 mrd er sett av til kompetanseutvikling for lærarar og skuleleiarar.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Prioriteringar: – levande lokaldemokrati – ein enklare kvardag for folk flest – trygge og gode løysingar for å bu og trivast. Regjeringa ynskjer å sikra kommunane sin økonomi og det er anslått ein vekst i frie inntekter til kommunane med kroner 1,3 milliardar. Departementet foreslår 700 mill. til nye satsingar på IT– og digitalisering. Tilskott til utbygging av breiband vert auka med 50 mill.
Helse og omsorgsdepartementet
Prioriteringar: Behandla fleire pasientar i sjukehusa. Betre kapasitet og auka kvalitet i omsorgstenesta. Bl.a. tilskott til eigne kjøkkenløysingar for lokal produksjon av mat. Arbeidet på rusfeltet fortsett med ei eiga opptrappingsplan. Arbeidet med e.helse med fleire nye løysingar vil bli vektlagt.
Barne- og likestillingsdepartementet
Departementet vil fortsette arbeidet mot vald og overgrep, og innsats for barn i familiar med vedvarande låge inntekter. Det vil og bli satsa på institusjonsløft i det lokale barnevernet. Det vil bli gjort forsøk med frtitidskort.
Kulturdepartementet
Regjeringa vektlegger gode støtteordningar for frivillig sektor. Meirverdikompensasjonen vil auka med kroner 134 millionar . (Frå 1,6 milliardar)
Samferdsledepartementet
For Hjelmeland vil satsing på tidleg introduksjon av 5G mobilt breiband vera av interesse. Fokus på bruk av låg– og nullutslippsløysingar i skipsfarten, og når det gjeld næringstransport. Her er det auka i midlar til forsking innafor området.
Landbruksdepartementet
Prioriteringar: Kompensjonsordningar for pelsdyroppdrettarar, forsking på klimatilpassa og lønsam matproduksjon.
2.2.2 Statsbudsjettet, tal for Hjelmeland
Innbyggjartilskot
Forslaget i Statsbudsjettet er eit innbyggjartilskot til Hjelmeland kommune på kroner 100 mill. Skjønnsmidlar over statsbudsjettet er føreslått til kroner 1 mill. (Legevakt.)
Skatt
Skatteanslaget er sett til kroner 96,5 mill. Dette er i tråd med finansdepartementets anslag for Hjelmeland.
Frie disponible inntekter for Hjelmeland kommune; kroner 245 millionar kroner.