11.1.1 Politisk styring
Netto driftsramme: 3 961 000
Ansvarsområdet folkevalde/politisk nivå inneheld tenesteområda Politisk styring, Revisjon og kontrollutval, eigedomsskattenemnder, råd for eldre, råd for menneske med nedsett funksjonsevne, ungdomsråd, barn og unges kommunestyre, partistøtte/val, regionråd, og kostnader vedk. Hjelmelandsprisen.
Under politisk styring vert ført utgifter til politisk verksemd, løn/godtgjersler til ordførar og folkevalde elles, samt andre driftskostnader til verksemda. Utgifter til kontrollutval og revisjon vert likevel ført på eige område. Administrasjonen sine utgifter i samband med sekretariatsfunksjonar er ikkje inkludert – desse kostnadane vert ført på administrasjonen slik at dette gir ikkje eit komplett bilete av ansvar 1001.
Her blir ført kostnadar til kjøp av revisjonstenester, til kontrollutvalssekretariat, og utgifter til sjølve kontrollutvalet si verksemd (godtgjersler medlemmer, møtekostnadar, reise, kurs m.m.) Kontrollutvalet kjem kvart år med sitt budsjettframlegg, som vert lagt inn i budsjettdokumentet uendra frå rådmannen si side. Skal det gjerast endring i dette forslaget, er det kommunestyret sjølv som må gjere dette i følgje lov/regelverk.
Nivået for møtegodtgjersler til folkevalde vert vidareført i 2020. Dette gjeld ikkje for ordførarar og andre representantar med faste godtgjersler. Kostnader til møter i formannskap, AFU og administrasjonsutval på dagtid er ikkje lagt inn i budsjettet. Det er vedtatt at møta i formannskap, AFU og administrasjonsutval skal gå på dagtid. Det er satt av 500 000,- til dette av havbruksfondet. Dette vil bli lagt inn i budsjettet 1. tertial. Då vil me ha kontroll på kostnader for slike møte.
Partistøtte (p.t ca kr 60 000,- dersom nivået vert oppretthaldt) i 2020. Midlar til barn og unges kommunestyre er lagt inn i denne ramma. Dette gjeld og den disponible summen på 50 000,- . Det same gjeld auka kostnader med deling av rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Reglement for godtgjersler og satsar vil bli fastsett i eiga sak til kommunestyret.
