8 Fond, avsetning og bruk
Bundne fond er hovudsakleg øyremerka midlar som blir avsett til det respektive føremålet og blir løfta inn i driftsrekneskapen når prosjekta skal finansierast / gjerast opp. Desse vert det sjeldan budsjettert bruk på.
Kraftfondet er på mange måtar eit bunde fond. Føringane for bruk av fondet er bestemt i konsesjonsvilkåra for kraftverka. Dei skal gå til tilrettelegging for næringsverksemd.
Disposisjonsfond er fond som ikkje er bundne. Dette kan nyttast til andre føremål. Avsetning er stort sett positive driftsresultat.
Omsorgssentra har kvart sitt øyremerka fond som dei kan bruka til bestemte vedatte føremål.
Vatn- og avlaupssektoren har adskilte sjølvkostfond som skal nyttast i høve til reglement.
Feiefond, ska nyttast til feiing og førbygging.
8.2 Bruk av fond

Målet er å redusera bruk av kraftfondet. Kommuneplanen har eit mål om at frå 2020 så skal halvparten av årleg avsetjing øyremerkast næring. For å klara dette må det endrast på den nåverande storleiken på bruken av/saldering av kraftfondet i drifta. I 2019 vart det nytta midlar til retaksering.
For 2020 vil kommunen sin del til Helgøy bru bli tatt frå kraftfond. Det er og vedtak på å nytta fondsmidlar til prosjektet Hjelmeland Naturlegvis. Dette er ikkje lagt inni budsjettet , då det vert vurdert å nytta nye utbetalingar frå Havbruksfondet til dette. Eventuelle utbetalingar frå fondet er ikkje budsjettert til anna.