9.1 Gjeldsgrad
Gjeldsgrad i 2019 vart brutto på 99% av driftsinntekter, netto på 81%.
Om kommunsetyret følger rådmannens innstilling vil ein i perioden 2020 til 2023 sjå at gjeldsgraden auker. Dette er om ein vel å gjera noko med ungdomsskulen og skuleområdet på Hjelmeland.
Når det gjeld husbanken så har Hjelmeland i fleire år tatt opp lån i Husbanken på om lag kr 5 mill, rådmannen legger opp til eit vidare årleg låne- opptak hos Husbanken til startlån på kr 5 mill pr år i neste periode. Me har framleis eit lågt rentenivå. Det er bevegelse i rentenivået no, me estimerer med ei moderat auke i rentekostnadar. Rentekostnadar for neste periode er basert på estimat frå kommunalbanken sin finansportal.
Eit historisk meir normalt rentenivå (minst det dobbelte av dagens nivå) vil skape ein trussel for kommunens ansvar for tenesteytinga. Det er lite sannsynleg at man vil kome dit i løpet av dei neste fire åra. Det vil allikevel vera naudsynt at rådmannen tilrår kommunestyret å prioritera nye investeringsprosjekt, og også vurdere om ein skal utsetje eller avvikle vedtekne prosjekt for å redusere risiko og sårbarheit. Gjeldsgraden ( lånegjeld som del av driftsinntekter) er eit uttrykk for belastninga knytt til det å betale renter og avdrag av løypande inntekter.
Rådmannen har valt å framstille gjeldsgraden med netto- og bruttotall. Brutto gjeldsgrad er total lånegjeld. Netto gjelds-grad er korrigert for formidlingslån og renteberande eigedelar (hovudsakleg Lyse og RYMI). Målet i kommuneplana er gjeldsgrad på 60% netto. Utviklinga vil sjøvsagt vera avhengig av brutto driftsinntekter i perioden. Langsiktig mål for gjeldsgraden må etter rådmannens syn i første omgang vere å kome under 80% i brutto gjeldsgrad og 60% for netto. På tross av dette vel altså rådmannen å legga inn auka låneopptak i perioden. Dette fordi det er svært viktig å ha gode og hensiktsmessige skulebygg. Det er og naudsynt med investeringar for å sikre ei naudsynt næringsutvikling i kommunen. NB! Eventuelle utbetalingar frå havbruksfondet er ikkje teke med i vurderingane. Heller ikkje eit eventuelt sal av vass– og avlaupsinfrastruktur. Gjeldsgraden vil i år 2022 bli 98% brutto og 78% netto.