7.3 Ønska tiltak som rådmannen ikkje finn rom for å imøtekoma
Einingane må finna rom til tiltaka innafor eige budsjett, eventuelt at ein kan finna rom innafor tenesteområda sine samla budsjetter.
Bustadkoordinator:
Frå 2020 er tre ordningar som tidlegare har vore finansiert via Husbanken no finansiert som del av rammetilskottet. Det gjeld tilpassningstilskottet, etableringstilskottet og tilskott til utredning og prosjektering. Rådmannen har ikkje funne plass til å setta av midlar til desse prosjekta. Det er ikkje krav om at kommunen skal ha slik ordninga, det er tilrådt og det er midlar i rammetilskottet.
Helse:
Frå 2020 er det lovbestemt at alle komunar skal ha kommunepsykolog. Det er ikkje bestemt noko om stillingsstorleik. Rådmannen finn ikkje å kunne tilsetta nokon personar i ei slik stilling i 2020. Me ser og at det vil være utfordrande å rekruttere personell til ei slik stilling. Rådmannen vil arbeide for å få på plass ei ordning frå 2021.
I tillegg er det ønskjeleg med tiltak som er å sjå på som driftstiltak. Dette er tiltak som einingane evt. teknisk må sjå på: