Plan for kulturminne / kulturarv

1 Innleiing

Klikk for stort bileteSpinneriet

 Sitat frå Riksantikvaren:

Kommunene har hovedansvaret for bevaring av kulturminner, kulturmiljø og landskap i lokalsamfunnet. Plan- og bygningsloven er det viktigste juridiske verktøyet, men kommunen har også andre virkemidler, som for eksempel tilskudd og fritak for eiendomsskatt. God forvaltning av kulturarven krever kompetanse; innsikt i lokalhistorien og kunnskap om kulturminnene.

Kulturminnene sin verdi ligg  i den historia dei dokumenterer og i at dei bidreg til å bygge identitet.

Den fyrste historiske hendinga som verkeleg har sett spor etter seg i vår kommune, er meteorittnedslaget ved Ritland i Vormedalen for 550 millionar år sidan.  Dei fyrste spora etter menneskeleg aktivitet i Hjelmeland finst ved Storhidler i Årdalsheia. Jaktbuplassen er frå eldre steinalder – rundt 6000 år f.Kr. Frå den tida og fram til i dag finst det uendeleg mange spor av menneske som har levd og budd i våre område. Hustufter, gravrøyser, gamle jakthytter, naust , stiar og bruer er døme på slike spor. Dette er det som vert kalla kulturminne.

I Hjelmeland er me veldig heldige som har fått dokumentert historia i form av mykje litteratur, ikkje minst Bygdesoge 1 (før 1800) og Bygdesoge 2 (1800-1990), pluss «Gardar og folk band 1,2 og 3» av Trygve Brandal og fleire bøker utgitt av tidlegare kultursjef i Hjelmeland Njål Tjeltveit.  Likevel er det stadig trong for å gjera historia levande att, og å ta vare på utvalde kulturminne på ulikt vis. Hjelmeland kommune sin fyrste kulturminneplan er vedteke i kommunestyret i september i 2000, seinare er kommunedelplan for kulturminne innarbeidd i kommuneplan for Hjelmeland (juni og september 2011).  Ny kulturminneplan vil innarbeidast  i kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel ved revisjonen som  starta hausten 2016, og skal sluttførast sommaren 2018. Denne temaplanen  er tenkt å vera ein plan med noko større breidde,  etter modell av td  kulturminneplan for Gjesdal kommune frå 2012.

 

 

Klikk for stort bileteBygdesoge 1 og 2 - ein kulturskatt i seg sjølv

 Initiativet til denne planrevisjonen er kome i samband med midlar stilt til rådvelde av Riksantikvaren i 2014. Desse midla er i hovudsak brukt til ei gjennomgang av  dei mest verdifulle bygga SEFRAK-registreringa. SEFRAK er ei registrering av bygg frå før 1900, delt i klasse A,B og C der A-bygga er dei med størst verdi., sjå eige avsnitt om dette.

Arbeidet med kulturminneplanen er forankra politisk med formannskapet som styringsgruppe. Formannskapet har handsama planprogram og eit første utkast til plan (september 2016). Ved andre gangs behandling av utkastet (februar 2017), etter høyringsperioden, vart det vedteke å gjer ein del redaksjonelle og innhaldsmessige endringar.

 I tråd med planprogrammet har det vore ei intern prosjektgruppe og ei referansegruppe. Referansegruppa har bestått av personar frå styringsgruppa, fylkeskommunen, Ryfylkemuseet, Reisemål Ryfylke og Hjelmeland bondelag, og har gitt konstruktive bidrag.

Medverknad har skjedd gjennom informasjon om planen i ulike samanhenger, ikkje minst i høve til møte med grendeutval, og gjennom ein brei høyringsprosess. I februar 2017 var det ei førebels gjennomgang av høyringsinnspela i formannskapet.

Definisjon på kulturminner (jfr lov om kulturminner prg 2):

Med kulturminne menes alle spor av menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelseser, tro eller tradisjon til.

«Det er vanlig å dele kulturminner inn i to hovedkategorier, immaterielle og materielle. Lokale tradisjoner, sagn, myter, historier, stedsnavn, musikk og håndverkstradisjoner er eksempler på immaterielle kulturminner. Materielle kulturminner deles igjen i faste kulturminner, som for eksempel bygninger, gravhauger, broer, boplasser , og gjenstander»

 

Kulturminna representerer også verdiar som vanskeleg kan erstattast. Eit kulturminne som vert borte eller vert øydelagd, kan av og til kopierast, men aldri bli erstatta. Det treng ikkje vera sjølve tingen eller bygget som har spesielle synlege kvalitetar, men kva som har skjedd inni eller i nærleiken av gjenstanden eller bygget.  Eit gamalt skulehus kan vera spennande i seg sjølv, men representerer samstundes ei satsing på demokratiutvikling og utdanning som nasjonen, kommunen og bygda  kan ha grunn til å vera stolt av.

Verdien av kulturminne vert ofte delt inn i tre verdinivå; nasjonal, regional og lokal verdi. Tek ein med naturhistoriske hendingar som meteorittnedslaget, kan me også tala om minne av internasjonal verdi.

For Hjelmeland sin del har ein vald å utvida kulturminneomgrepet litt, slik at noko av det som vert omtalt meir kan karakteriserast som kulturarv enn kulturminne. Dette har ein gjort for å få med nokre personar og hendingar som er viktige for å forstå historia og byggja identitet. Ein kan seia at det gjerne vert å dra kategorien «Immatrielle kulturminne» litt langt.

Planen er å sjå på som fyrste steg i høve til nyare arbeid med å systematisera innsatsen for å ta vare på kulturarven. Framleis gjenstår mykje jobb, td med meir  kartfesting og med meir konkret prioritering av objekt. 

Kulturminneplanen er meir prega av ei historisk og tematisk inndeling,  ikkje geografisk. Det er ein stor statusdel som gir innblikk i kva felles plattform me har. Statusen gir berre smakebitar, historia er mykje større enn dette. Det er ynskjeleg at dei ulike tema og tidsepokane etter kvart kan inspirera det enkelte grendalaget til å sjå kva som er verdifullt hjå dei, ei påminning om lokal identitet og unike stader.  Det vert lagt vinn på å trekkja fram ein del enkeltpersonar og hendingar – noko som gjer historia ennå meir unik. At historia gjentek seg på ulike måtar, er også interessant å registrera. Hjelmeland er i dag ein kommune med høg prosent innvandrarar. Det er faktisk  ikkje noko nytt. Innvandrarar har gjennom hundreåra vore ein del av bygdebiletet, gjerne i form av akademisk og fagleg kompetanse. Offiserar og embetsmenn var ofte anten fødde eller hadde iallefall fått utdanninga i utlandet. Det same var mange bergverksfolk. På 1600-talet var kontakten mot Skottland og Nederland tett på grunn av trelasthandelen.

Kulturminna av ulikt slag er med på å skapa stader og identitet, og kan reint praktisk gi innspel til utvikling av næring og bygdefellesskap.