Plan for kulturminne / kulturarv

8 Korleis gjer me det?

8.1 Drøfting

Når ein skal arbeida for å få halda ved like og å gjera den lokale kulturarven levande, så vil det vera ein kontinuerleg prosess som må skje i samhandling med frivillig sektor og næringsliv.  Kommunen må sjølv ta utgangspunkt i fleire virkemiddel, jfr kap 3. 

I høyringsprosessen har ein skissert desse strategiane:

Leggja til rette for lokale prosesser med registrering av kulturminne/kulturarv.  Dette for å gjera fleire klår kva verdiar me har. Leggja til rette for at registreringar kan skje på ein profesjonell måte.

Gjennom skilting, historieforteljing, framsyningar, jubileum, utstillingar, dataverkty mv gjera informasjon om kulturminna tilgjengeleg for folk flest. Styrka samarbeidet med friviljuge.

Leggja til rette for å ta vare på dei klassiske tradisjonshandtverka jærstol og sponkorger

Dokumentera utviklinga av viktige næringar i Hjelmeland, i samarbeid med aktuelle bedrifter. Døme: Oppdrett, sand og grus, vasskraft, reiseliv, frukt og anna landbruk

Nytta kulturhistoria aktivt i bygdeutvikling/næringsutvikling generelt. Bruka historia som grunnlag for utviklingsprosjekt, td i tilknyting til Nasjonal Turistveg

Nytte kulturhistoria som eit middel i sentrumsutviklinga. Kartleggja kva bygg som framleis finst frå den eldste tida i Hjelmelandsvågen og knyte historieforteljing til dei.

Bidra til å setja fokus på bygningsarven generelt, og utvalde bygg spesielt. 

Særleg verdifulle er:

SEFRAK A-bygg  i sentrum

 Bygg med helletak med særleg vekt på Vigatunet

Bygg som er eller har vore spesielt viktige for kommunal verksemd:

Gamle heradstova

 Kommunehuset

Styrka kulturvernet, og gjera lokallitteraturen mest mogleg tilgjengeleg for flest mogleg. Gjera bibliotek/bygdamuseet som senter for dette, og leggja til rette for at nye innbyggjarar kan gjera seg kjent med den spennande kulturarven.

Komplettera gards og ættesogebøkene (Årdal spesielt, og heile kommunen etter 1990).

Dokumentera «Internasjonale Hjelmeland: Handel og flytting gjennom historien.»    Fornminnefunn, skottehandel, bergverk, garnison, emigrasjonen til Amerika, innflytting austfrå, frå Europa og 3.verden.

Kartfesta «Prestavegen» i detalj.  Leggja til rette for å bevare dei delane som framleis er autentiske. Leggja til rette for å kunne ta større delar av vegen som vandretur.

8.2 Prioritering av satsingsområde

Strategiane i kap 8.1 vil me samanfatta i følgjande satsingsområde:

A  Næringslivshistorie, særleg fisk, sand, samvirke og kraft/industri

B  Jærstolar og sponkorger

C Vigatunet og helletaka elles

D  Internasjonale Hjelmeland gjennom historia

E Gamle ferdselsvegar, særleg Viglesdalsvegen og Prestavegen

F Sentrum (gamle Vågen, SEFRAK A, fellesskapen sine bygg)

G Generell styrking av kulturminnevernet (aktiv i høve til jubileumsfeiring, biblioteket, gards og ættesoge.

 

8.2.1 Næringslivshistorie

Ta initiativ til eit samarbeid med næringane om å dokumentera historia.  Peika ut konkrete fysiske kulturminne som er viktige her.  Utfordra Ryfylkemuseet og eventuelle friviljuge organisasjonar til eit samarbeid.  Samarbeida om arrangement og temadagar.

8.2.2 Jærstolar og sponkorger

Jærstolar og sponkorger er signaturprodukt frå Hjelmeland. I samband med 100årsmarkeringa i 1999 vart det laga eit jubileumshefte. Invitera stolfabrikantane til eit samarbeid om vidare profilering.  Syta for vedlikehald av  jærstolen på Sande.

Utfordra husflidslag og bedrifter i høve til kursing i handtverksteknikkane.

8.2.3 Vigatunet og helletaka elles

Samarbeida med Ryfylkemuseet om bruk av Vigatunet. Prioritera at alle elevar i Hjelmeland får vitja staden. Samarbeid om finansiering av resepsjonsbygg., søkja ekstern finansiering.

Setja fokus på helletaka, og vedlikehald av dei. Samarbeida med Ryfylkemuseet om kurs.

8.2.4 Internasjonale Hjelmeland gjennom historia

Profilera Hjelmeland som ein internasjonal kommune. Temautstilling om internasjonal kontakt opp gjennom tidene (skottehandel, bergverksfolk, arbeidsinnvandring mm).  Samarbeida med friviljuge organisasjonar og bedrifter med internasjonale kontaktar.

8.2.5 Gamle ferdselsvegar med vekt på Prestavegen og Viglesdalsvegen

Prestavegen og Viglesdalsvegen er unike byggverk. 

8.2.6  Sentrum

Følgja opp med  kulturminnesatsing i sentrumsprosjektet. SEFRAK-Bygg i sentrum, bygg med helletak.

8.2.7  Generell styrking av kulturminnevernet

Vera aktiv partnar i ulike samarbeidskonstellasjonar  i høve til jubileumsfeiring. I 2018 er det td 75 år sidan Njål Tjeltveit vart fødd. Det bør markerast. Årdal gamle kyrkje er 400 år, og det finst fleire døme.

Vidareutvikla Biblioteket. ROS-tiltak for å ta vare på kulturminner.

Punkta overfor skal innarbeidast i budsjett og handlingsprogram. I tillegg skal hovudtrekk i planen innarbeidast i kommuneplanen ved pågåande revisjon, både samfunnsdel og arealdel.